Austevoll kommune

Vedtak i kommunestyret

Kommunestyret hadde møte 14. juni. Her er nokre av kommunestyrets vedtak, i stikkordsform.

Her kan du lese alle sakspapira til møtet.

Møkster skule blei vedtatt nedlagt frå 1. august i år.

Rekneskapen og årsmeldinga for 2017 blei godkjent og overskotet blei plassert i disposisjonsfondet.

Kommunestyret vedtok revidert budsjett 2018.

Planprogrammet til kommuneplanens areal- og samfunnsdelar blei godkjent, og kommunestyret gjorde formelt vedtak om å starte opp revideringa av desse to delane av kommuneplanen.

Det blei gjort vedtak om å etablere hummarfredingsområde ved Trælsøya nordaust for Huftarøy.

Kommunestyret løyver ytterlegare 1,5 millionar kroner for å lage elevaula i den gamle gymsalen på Selbjørn skule.

Ny reguleringsplan for gardane 1, 2 og 3 i Nordrevågen på Fagerbakke blei godkjent og er dermed tredd i kraft.

Det blei vedtatt opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering, og kommunestyret vedtok også at det skal lagast ein tiltaksplan.

Kommunestyret vedtok i ein uttale at rutetilbodet på ferja ikkje kan reduserast, og at Hordaland fylkeskommune må lage fleire parkeringsplassar på Hufthamar og Krokeide.

Det skal blåsast nytt liv i ungdomsrådet og rådet får 25.000 kroner for å kome i gang igjen.

Det skal også blåsast nytt liv i "ung jobb", sommarjobbordninga for ungdom.

Kommunestyret vedtok også at utbetring av krysset mellom fylkesveg 546 og Trappavegen kan gjerast som eit offentleg-privat-samarbeid.

Fleire skal få medverke når kommunen skal bygge bygg, ikkje minst rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Og Ole Troland fekk forlenga permisjonen sin frå kommunestyret slik at han kan studere endå nokre år.