Austevoll kommune

Vedtak i namnesak 2015/17 - Kleppsvik/Klepsvik m.fl.

Statens kartverk har gjort vedtak i nokre av namna som har vore gjenstand for namnesak.

                                                                      

I denne omgang gjeld det desse namna, med avleiingar, skal skrivast slik (utheva i svart):

Kleppsvik/Klepsvik – Kleppsvik

Søndre Kleppsvik/Søndre Klepsvik – Søre Kleppsvik

Kosene/Kåsna – Kåsene

Busesund/-et/Bussesund/-et – Busesund

Litla Kalsøya/Litlakalsøy – Litlakalsøy

Stora Kalsøy/Storakalsøy – Storakalsøy

Heiamark/Heimark – Heiamark


-hamn/-havn (samlevedtak) – -hamn

Grunngjeving av vedtaket. (PDF, 432 kB)



Vedtaket kan påklagast av dei som har rett etter Lov om Stadnamn §10, klage. Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter §5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.

Klagefristen er 3 veker, og sett til 30. august 2018.

Klagen skal stilast til Klagenemnda for stadnamnsaker og sendast til Statens Kartverk, pb 600 Sentrum, 3507 HØNEFOSS (mrk Namnesak 2015/17) med kopi til Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 STOREBØ.

Klagen skal grunngjevast, og grunngjevinga må ta for seg alle namn eller namneledd som klaga gjeld.
 

Fant du det du leita etter?