Austevoll kommune

Vedtak i plan- og byggesaksutvalet

På grunn av koronaviruset blei dagens plan- og byggesaksmøte gjennomført på videolink. Her kan du lese vedtaka.

Sjå møtet i opptak her.​​​​​​​

Vedtok endring av reguleringsplanen på Tinghaugen

Plan- og byggesaksutvalet godkjente endring av reguleringsplanen for bustadområde på Tinghaugen ved Kolbeinsvik. I denne planen er det gjort nokre mindre endringar som at formålsgrenser er tilpassa dei faktiske tomtegrensene og flytting av snuplass og ein vegtrasé. Denne planendringa er endeleg godkjent av utvalet i dag og skal derfor ikkje vidare til kommunestyret.

Les sakspapira her.

Reguleringsplan for Bjånestangen vidare til kommunestyret for endeleg godkjenning

Reguleringsplanen på Bjånestangen blei også behandla i plan- og byggesaksutvalet i dag. Utvalet vedtok at planen bør godkjennast, og saka skal vidare til kommunestyret for endeleg behandling. Planen endrar ein eksisterande reguleringsplan og regulerer blant anna bygging av fritidsbustader og naust.

Les sakspapira her.

Ny reguleringsplan for Tråvik lagt på høyring

Ny reguleringsplan for Tråvik i Torangsvåg blei vedtatt lagt på høyring. Planen opnar for fleire næringsbygg, kaianlegg, flytebrygger og ein båtgarasje.

Høyringa vil bli kunngjort særskilt.

Les sakspapira her.

Vedtak i byggesaker

Det blei også gitt løyve til å bygge bustadhus på eksisterande gardsbruk på Hufthammar.

Plan- og byggesaksutvalet innvilga også fire dispensasjonssøknader i dagens møte:

Alle vedtaka var samrøystes, med unntak av dispensasjonssaka for utlegg av flytebrygge i Bjånespollen. I den saka blei det fatta vedtak med fire mot tre røyster.