Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

KPA 2013 - Klikk for stort bilete

Det har vore møte i utval for plan- og byggesaker i ettermiddag. Her kan du lese vedtaka som blei fatta.

Bustadplan på Nordre Haugland

Det blei vedtatt oppstart av reguleringsplan nord på Haugland. Planen, som ligg ved Ørnesvika, skal gi plass til rundt 35 nye bueiningar, i einebustader og fleirmannsbustader. 

 

Naust- og fritidsplan i Eido

Utvalet har vedtatt å leggje planforslag om 4 fritidsbustader, 14 naust og 6 flytebrygger på Nordeide på høyring.

I møtet blei det drøfta om det må gjennomførast ei konsekvensutgreiing for kva verknader utbygginga vil ha for det marine økosystemet i denne delen av Heimarkspollen. Utvalet valde ikkje å stille krav til dette fordi utbygginga som planen opnar for ikkje er omfattande nok til det skal stillast krav til ei konsekvensutgreiing.

Utvalet meinte likevel at det likevel bør gjerast ei kartlegging av økosystemet i Heimarkspollen gjennomførast, men at dette bør gjerast av kommunen. I vedtaket kjem det fram:

"Dette bør skje som ei heilskapleg utgreiing, som tar for seg heile eller store delar av pollen. Det er mindre hensiktsmessig å gjere det stykkevis gjennom einskilte reguleringsplanar. Ei slik utgreiing kan gjerast i samband med revideringa av kommuneplanens arealdel. Med bakgrunn i ei slik undersøking kan ein vurdere om det skal vere særskilte omsyn som bør gjere seg gjeldande i Heimarkspollen. Ei slik avgjerd vil i tilfelle bygge på ein utgreiingsprosess som opnar for medverknad frå lokalsamfunnet, og der eventuelle konsekvensar for framtidig planlegging vil vere gjenstand for politisk handsaming og forankring i kommunestyret."

Her kan du lese meir om saka. I det øvste PDF-dokumentet finn du saksutgreiinga.
 

Oppdatering av reguleringsplan i Kolbeinsvik 

Utvalet har godkjent ein mindre endring av reguleringsplan for bustader. I kommuneplanen er det byggeforbod nærare sjø enn 25 meter. Denne planen har mangla byggegrense, noko som er retta opp ved at utvalet endeleg godkjente ei mindre endring av planen.

Her kan du lese meir om saka.
 

Plan for utleigehytter og kaianlegg på Lundøy

Forslag til reguleringsplan på Lundøy blir sende på høyring. Planen er på rundt 14 mål og vil opne for kai, småbåtanlegg, badeplass, naust og utleigehytter.

Her kan du lese meir om saka.
 

Bustadplan på Birkeland

Reguleringsplan på Birkeland, som opnar for 15 nye einebustader og 20 fleirmannsbustader er vedtatt sende på høyring. Planområdet er 49 mål, og ligg aust for Birkelandsvegen.

Her kan du lese meir om saka. (DOCX, 7 MB)
 

Dispensasjon for tiltak langs sjø på Vinnes

Det er gitt dispensasjon for frådeling av ein eigedom på Vinnes som låg innanfor tiltaksforbodet langs sjø og vassdrag.

Les meir om saka her.
 

Alle vedtaka som blei fatta i dag var samrøystes. Alle sakene som skal på høyring vil bli kunngjort særskilt her på nettsida, på Facebook og i Marsteinen.
 

Saker som blei behandla i sommarferien

For å hindre at saksbehandlinga stoppar opp i sommarferien, har ordførar fullmakt til å behandle enkle og ikkje-prinsipielle saker på såkalla sommarfullmakt. I tillegg fekk ordførar i år fullmakt til å behandle nokre bestemte enkeltsaker som me rekna med ville bli ferdig for behandling i sommar.

Her er lista over sakene som blei behandla på sommarfullmakt i år:

Fant du det du leita etter?