Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

På tysdag var det møte i utval for plan- og byggesaker. Heile 25 saker var til handsaming. Her kan du lese vedtaka som blei gjort.

 

Uttale til interkommunal strandsoneplan

I ei årrekke har kommunane i Sunnhordland jobba med ein strandsoneplan som skal gjelde for alle kommunane. Planen er utarbeidd av ei arbeidsgruppe på vegner av kommunane og det er Samarbeidsrådet for Sunnhordland som har fått ansvaret for planarbeidet. Eit forslag til denne strandsoneplanen er no ferdig, og planen er derfor på høyring hos kommunane den gjeld for. 

Utval for plan- og byggesaker behandla planforslaget på tysdag. Utvalet vedtok at det er trong for fleire endringar i planforslaget før det endeleg kan godkjennast. 

Vedtaket til utvalet kan du lese her.

 

Plan- og byggesaksgebyr for 2019

Den årlege gebyrsaka var til behandling. Denne saka skal vidare til formannskapet, før kommunestyret endeleg fastset neste års gebyr i møte 23. oktober.

I utgangspunktet er plan- og byggesaker meint å vere sjølvfinansierande. Det betyr at gebyrinntektene som kommunen får inn, skal dekke alle kostnadene som kommunen har med saksbehandlinga. I 2017 viste likevel resultatet at gebyrinntektene berre dekker 38 prosent av kommunens kostnader. Prognosa til rådmannen viser at dette er auka til 55 prosent i år.

Utvalet tilrår at alle gebyrsatsar blir auka med 5 prosent i 2019. Nokre andre satsar aukar med 8 prosent, dette gjeld til dømes bygging av bustader, fritidsbustader og dispensasjonar. I tillegg blir det rydda litt i dagens gebyrregulativ, og det kjem inn nokre nye punkt. Dette er blant anna sats for reguleringsplanar, der det er krav om konsekvensutgreiing, men ikkje til at det også må lagast planprogram.

Formålet er at gebyra som kommunen krev inn for forskjellige sakstypar, skal henge saman med kommunens faktisk arbeidsinnsats og kostnader for å behandle sakene. Målet er større grad av sjølvkost, men utan at det hemmar den gode aktiviteten i kommunen.

Saksframlegget les du her. Her finn du òg dagens gebyrsatsar, og forslaget om kva det vil koste til neste år.

 

Reguleringsplan for fritid og turisme i Pollen, Torangsvåg

I Pollen er det planlagt 31 bygg med 43 utleigeeiningar for fritid og turisme. Planforslaget opnar også for to nye felles flytebrygger, med totalt 36 båtplassar. I tillegg er det 8 eksisterande flytebrygger i planområdet. Etter endringar i planforslaget, blir dette no lagt ut på høyring for andre gang. Høyringa vil bli kunngjort særskilt.

Les meir om planforslaget her.

 

Dispensasjonssaker til behandling

Det var mange dispensasjonssaker til behandling. Mange av desse handla om å gje dispensasjon frå byggeforbodet i 25-meter og 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag, eller frå kravet om å lage reguleringsplan.

 

Klagesaker til behandling

 

Andre saker

Fant du det du leita etter?