Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

Tre reguleringsplanar er vedtatt sende på høyring. Her kan du lese meir om desse og dei andre plan- og byggesakene som blei behandla i dag.

Her kan du lese heile saklista.

Plan for kråkebollefabrikk i Haukanes på høyring

Forslag til ny reguleringsplan i Haukanes blir lagt på høyring. Planen legg til rette for ein kråkebollefabrikk på inntil 60.000 kvadratmeter, som også skal inkludere laboratorium, kontor og areal for undervisningslokale, og eit visningskjøkken. Det blir også foreslått kai. Planen ber med seg ei stor utfylling i sjø. Høyringa vil bli kunngjort særskilt på nett og i avisa.

Les meir om saka her.

Plan for industri- og næringsområde i Haukanes på høyring

Forslag til ny reguleringsplan i Haukanes blir lagt på høyring. Planen legg til rette for industri-, handverks- og lagerveksemd, kontor, overnatting for arbeidarar, gasstank/LNG-anlegg for gassdrivne fartøy, vegserviceanlegg og djupvasskai. Høyringa vil bli kunngjort særskilt på nett og i avisa.

Les meir om saka her.

Plan for naust og fritidsbustader på Bjånestangen på høyring

Forslag til endring av reguleringsplan for Bjånestangen blir lagt på høyring. Formålet med planendringa er å regulere for naust på molo, og for fritidsbustadar langs den sørlege delen av sjølinja slik at gjeldande reguleringsplan vil vere i tråd med kommuneplanen. Høyringa vil bli kunngjort særskilt på nett og i avisa.

Les meir om saka her.

Dispensasjonssaker

Tre dispensasjonssøknader blei innvilga i dagens møte. Desse kan du lese meir om her:

I den sistnemnte saka vedtok utvalet å gi dispensasjon. Vedtaket, som derfor ikkje fram av saksutgreiinga, blei grunngjeve slik: 

"Utvalet viser til at det innsøkte tiltaket er i tråd med reguleringsplan godkjent 06.09.2016. Rekkefølgekrav om utbetring av avkøyrsle til fylkesveg blir utløyst i saka, jf. § 6 i føresegnene til planen.

Avkøyrsla til fylkesveg er dårleg. Formålet med føresegna er å sikre at avkøyrsla blir utbetra før det blir gjort tiltak som vil auke trafikkmengda. Kommunen er kjent med at privatrettslege tilhøve har forseinka at avkøyrsla er utbetra i tråd med reguleringsplanen.

Tiltakshavar har vore i møte med kommunen 26.10.2018 der utbetring av avkøyrsla blei diskutert. I møtet blei det semje om at Austevoll kommune, som er vegeigar, skal vurdere om avkøyrsla kan justerast noko, samanlikna med teikningsgrunnlaget til reguleringsplanen, for å lette prosessen med å gjennomføre rekkefølgekravet. Denne saka er no til behandling hos rådmannen, som blant anna må drøfte dette med Statens vegvesen.

Lagring av båtar er ikkje tenkt som ei tilleggsnæring eller til erstatting eller endring av formålet i reguleringsplanen -- men som ein del av det å drive med hytter og båtturisme, slik reguleringsplanen legg opp til. Trafikken vil dermed ikkje auke på grunn av det omsøkte tiltaket.

Med omsyn til naturkvalitetane, så blir det vist til at vika ved utløpet ikkje er «eit strandsoneareal med gode natur- og friluftskvalitetar», slik Fylkesmannen skriv i uttala si 17.09.2018. Arealet er derimot ei grunn vik med evje og lite eigna for friluftsliv og naturopplevingar. Tiltaket som er omsøkt vil ikkje medføre «sår i landskapet». Ei steinfylling som beskrive, vil gli naturleg inn i terrenget.

Når ein skal vurdere dispensasjon frå rekkefølgekravet, må ein vurdere om omsyna bak føresenga det blir dispensert frå, eller omsyn i lovas formålsføresegn, blir vesentleg tilsidesett. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering.

Utval for plan- og byggesaker meiner det er positivt at tiltak blir gjennomført i tråd med den godkjente reguleringsplanen. Det innsøkte tiltaket vil ikkje medføre auka biltrafikk. Tiltaka i seg sjølv er i tråd med reguleringsplanen. Det vert også lagt til grunn at tiltakshavar har planar om å utbetre avkøyrsla, men at det har oppstått tilhøve som har komplisert gjennomføringa. Kommunen er innstilt på å bidra til at krysset blir utbetra og rådmannen har starta dette arbeidet.

I denne saka tydeleggjer utvalet at ein dispensasjon gis fordi tiltaket ikkje utløyser auka biltrafikk, og at dermed formålet med føresegna i reguleringsplanen derfor ikkje blir sett til side. Utvalet understrekar at rekkefølgekravet vil bli utløyst for alle andre tiltak.

Utvalet meiner dessutan at det er ein føremon at utbygginga kjem i gang i samsvar med reguleringsplanen, og meiner ikkje det er særlege ulemper som gjer seg gjeldande i saka."

Tok klage på dispensasjon i Barmen til følgje

Dessutan behandla utvalet klager på ein tidlegare gitt dispensasjon i Barmen. I denne saka var rådmannen i Austevoll ugild, på grunn av at han på klagetidspunktet var partner i eit advokatkontor som representerte ein av dei som klaga. Derfor måtte settesrådmannen, i dette høve rådmannen i Tysnes kommune, behandle saka.

Vedtaket i dagens utval betyr at det ikkje blir gitt dispensasjon til brønnbåtselskapet Br. Bakke AS, men i vedtaket blir det understreka at vedtaket ikkje hindrar lovleg bruk som kailigge, lasting og lossing og mindre vedlikehaldsarbeid.

Her kan du lese saka.

Reguleringsplanen på Kvaløy gjeld vidare

Rådmannen bad utval for plan- og byggesaker tolke om det på Kvaløy er kommuneplanen eller ein eldre reguleringsplan som gjeld. I saka var det ulikt arealformål og dermed motstrid mellom dei to planane. Vedtaket var som følgjer: 

"Det er motstrid mellom arealformåla som er sett av i kommuneplanen og reguleringsplanen på Kvaløy, godkjent i 2009. 

Spørsmålet i denne saka er aktuelt fordi kommuneplanen for det første slår fast at det er kommuneplanen som gjeld der det er strid mellom den og eldre reguleringsplanar, og for det andre fordi det i kommuneplanens føresegner blir heimla at ei lang rekke reguleringsplanar er vidareførte, sjølv om det er strid med kommuneplanen. Reguleringsplanen på Kvaløy er blant desse.

I denne saka angir kommuneplanen formål næring i plankartet, medan området i 22.10.2009 er regulert til mellom anna bustadformål.

Kommunestyret har vedtatt at utval for plan- og byggesaker har mynde til å tolke kommuneplanen. 

Utval for plan- og byggesaker slår fast at reguleringsplanen gjeld vidare.

Grunngjeving:
Arealdisponeringa i kommuneplanen er mangelfull. Dette blir synleggjort ved at kommuneplanen angir at det gjeldande område er eit "eksisterande næringsområde". Det er ikkje riktig. Det aktuelle området, som blir definert som reguleringsplanens planområde, er i hovudsak eit bustadområde, med éin eksisterande bustad, og med éi eksisterande utleigerorbu i sørvest. Utleigerorbua fell ikkje inn under arealformålet næring, då dette i kommuneplanen er definert med eige formål, fritid og turisme. Den faktiske utbygginga på staden kjem fram av plankartet til reguleringsplanen, der denne bustaden har formål "eksisterande bustad", medan arealformålet som er angitt i kommuneplanen er unøyaktig.

Det er fleire stader i kommunen det er motstrid mellom arealformålet i ein eldre reguleringsplan, og formålet som er avsett i kommuneplanen. Det er svært uheldig at den gjeldande kommuneplanen ikkje var gjenstand for ein betre prosess, som kunne hindra at alle problema dette skapar for innbyggjarane våre og for kommunen sjølv. Ved behandlinga av kommuneplanen er det heller ikkje gjort forsøk på å framvise kva vurderingar som er gjort i spørsmålet om vidareførte reguleringsplanar, og eventuelt kva endringar i desse som kommuneplanen meiner "må endrast".

Gitt dette finn utvalet at det har større relevans å legge til grunn om kommuneplanen avset eit område til utbygging eller ikkje. Dersom eit område med godkjent reguleringsplan er omgjort til til dømes LNF bør det i større grad leggjast til grunn at kommuneplanen er meint å hindre utbygging på slike stader. Der kommuneplan og eldre reguleringsplan begge legg opp til utbygging, og med vekt på det faktum at kommuneplanen er prega av slurv og feil, så bør i større grad plankart i reguleringsplanar gjelde vidare.

Dette synspunktet er også relevant fordi ein reguleringsplan er gjenstand for ein omfattande prosess, er bindande, kan ikkje opphevast utan vidare, og heller ikkje slettast gjennom ein kommuneplanprosess.

Verknader av ein dårleg saksbehandling av kommuneplanen har hatt negative konsekvensar, som er openbart har vore utilsikta frå kommunestyrets side. Derfor bør det unngåast at reguleringsplanar som har gjennomgått ein omfattande saksbehandlingsprosess og som er godkjente, blir sett til side utan at dette er gjort med ei grunngjeving, ein etterprøvbar prosess og nær sagt er gjort medvite.

Uansett prosess så bør det dessutan vere høg terskel for å gjere endringar i ein kommuneplan som råkar ved vesentlege tema i reguleringsplanar som er vedtekne relativt kort tid før kommuneplanen. Her bør ein i større grad nytte seg av tiårsregelen som blir vist til i pbl. § 12-4, 5. ledd."

Alle vedtaka i dagens utvalsmøte var samrøystes.

Fant du det du leita etter?