Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

To nye reguleringsplanar skal til godkjenning i kommunestyret neste torsdag. Det vedtok utval for plan- og byggesaker i dag. Her kan du lese meir om dagens utvalsmøte.

Fritids- og turistplan i Stangelandsvågen

Utvalet foreslår å godkjenne reguleringsplan i Stangelandsvågen. Planen opnar for næringsbygningar for fritids- og turistnæringa på til saman 24 tomter. Planen inkluderer sju eksisterande bygningar. Dessutan er det opna for småbåtanlegg i sjø. Totalt er planområdet på 12 dekar. 

Edvard Johannes Stangeland, som møtte i dagens møte, er blant forslagsstillarane til denne planen, og blei derfor erklært ugild i møtet og tredde frå under behandlinga av saka.

Planen skal til endeleg godkjenning i kommunestyret 13. desember. Her kan du lese saksdokument og sjå plankart.

 

Bustadplan på Birkeland

Reguleringsplan på Birkeland er foreslått godkjent. Planen opnar for 15 nye einebustader og 20 fleirmannsbustader, og planområdet er totalt på 49 dekar. Utvalet vedtok at det skal stillast krav om at det blir opparbeidd opphøgd fortau langs den eksisterande Birkelandsvegen og inn i planområdet. Dette var mellom anna eit ønske frå naboar til planen og eksisterande brukarar av Birkelandsvegen.

Planen skal opp til endeleg godkjenning i kommunestyret 13. desember. Her kan du lese saksdokument og sjå plankart.

 

Reguleringsplan for 11 naust i Leirvik, Bekkjarvik vedtatt sende på høyring

Forslag til ny reguleringsplan i Leirvik ved Bekkjarvik er foreslått sende på høyring. Planforslaget opnar for 11 nye naust, utviding av molo, og bubilparkeringsplass.

Planen skal vidare til behandling i kommunestyret 13. desember, før høyringa startar. Høyringa vil bli kunngjort særskilt i avis, på nett og Facebook. Les meir om planen her.

 

Ja til oppstart av ny reguleringsplan for forretning og næring på Eidsbøen

Utvalet har vedtatt at det kan utarbeidast ny reguleringsplan for to nye forretningsbygg og to nye næringsbygg ved Kalvenes handelssenter, Eidsbøen, sør på Storebø. Forslagsstillarane ønsker å bruke bygga til blant anna plasskrevjande handel, som møbelforretning, trelast- eller byggevareutsal. 

Les meir om saka her. 

 

Klagesaker og sak om gjere om på tidlegare vedtak

I møtet i dag blei det også behandla to klagesaker og ei sak om omgjering av vedtak. I alle sakene vedtok utvalet rådmannens tilråding. Det betyr at ingen av klagene blei tatt til følgje, eller at vedtak blei omgjort. Her kan du lese meir om desse sakene:

Alle vedtak i utvalet var samrøystes.

Fant du det du leita etter?