Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

Arbeidet med sentrumsplanen for Storebø er inne i sluttfasen. I går blei det bestemt at planen skal på ein ny høyringsrunde, før han kan godkjennast av kommunestyret i 2019.

Utval for plan- og byggesaker hadde sitt siste møte for året i går. På sakslista stod tre byggesaker og behandling av ny høyringsrunde av sentrumsplanen for Storebø.

Sentrumsplanen for Storebø er ein områdereguleringsplan. Dette er den eine av to typar reguleringsplanar, der den andre er detaljreguleringsplanar. Ein områdereguleringsplan tar for seg eit større areal enn ein vanlegare detaljreguleringsplan, og er gjerne meir overordna.

Den nye planen for Storebø erstattar den gjeldande sentrumsplanen, som er frå 2003. Planarbeidet har pågått ei stund, og det har vore gjennomført ein stor og vellukka medverknadsprosess hausten 2017. Då blei det avhalde fleire innspelsmøter og det kom eit stort tal innspel både frå privatpersonar, bedrifter og offentlege instansar.

Behandlinga i går handla om innspela som kom i høyringsprosessen. Mange innspel er tatt omsyn til. Fylkesvegen blir halden der han er, slik at planen til dømes ikkje krev riving av eksisterande bustader ved Vestbøbrekka.

Her kan du lese om endringane som er gjort etter innspelsrunden. (Linken er oppdatert.)

Utval for plan- og byggesaker vedtok dessutan at det ikkje skal vere avgrensingar for å bygge einebustader og tomannsbustader der det elles er opna for fleirmannsbustader og lavblokker. Målsettinga er at folk skal få bygge og bu i bustaden dei ønskjer og at det skal vere høve til fleire bustadtypar alle stader.

Dessutan er det gjort endring nederst langs den nye kommunale vegen langs Gråsidalen, der det blir avsett areal til næringsbygg for handel, forretning og kontor. Bustadområde på Prestaneset blir endra til også å gjelde for vest på Prestaneset, på høgda bak dei nye blokkene på Storebø brygge. 

Rekkefølgekrav om bygging av rundkøyringar blir tatt ut. Formålet er at enkeltbustader ikkje skal utløyse kravet, men at dette skal heimlast i detaljreguleringsplanar som blir utarbeidd seinare.

Høyringa av sentrumsplanen vil bli kunngjort på vanleg måte i avis, på desse nettsidene og kommunens Facebook-side. Når høyringa byrjar er høyringsfristen seks veker.

Plankartet er enno ikkje justert med endringane som utvalet vedtok i går, men her kan du laste ned plankartet som rådmannen tilrådde. Planområdet er fordelt på tre kart:

Her kan du laste ned dei andre dokumenta i saka.

Andre sakene

I tillegg til sentrumsplanen behandla utvalet tre dispensasjonssaker.

På Barmen blei det ikkje gitt dispensasjon frå reguleringsplan, for endring av veg. Grunnen til dette er at det er eit pågåande arbeid med å endre den eksisterande reguleringsplanen i området, så det er hensiktsmessig at denne endringa også blir ein del av planendringa.

Det blei sagt ja til flytebrygge i Bekkjarvik, og ja til arealoverføring og frådeling av eigedom i Vasseidet på Birkeland.

Fann du det du leita etter?