Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

Ein ny reguleringsplan for fritid og turisme på Kalve er foreslått godkjent, og skal vidare til kommunestyret for endeleg godkjenning. Her kan du lese om vedtaka som plan- og byggesaksutvalet gjorde 28. mars.

Utval for plan- og byggesaker behandla 4 plansaker og 10 byggesaker i møte førre torsdag. Utvalet vedtok å utsette éi av byggesakene for å gå på synfaring.

Plan for fritid og turisme på Kalve

Reguleringsplan for fritidsbustader til utleige og naust blei vedtatt i utvalet. Planen kjem opp til endeleg behandling og godkjenning i førstkomande kommunestyremøte, 11. april.

Planen opnar for 12 utleigeeiningar fordelt på 6 bygg. I nokre av bygga er det tillate med naust i første etasje, medan det i to av bygga også er tillate med kontor, kafé, produksjon av lokal mat og landbruksprodukt.

Her kan du lese meir om planen

Nytt byggefelt på gang i Bekkjarvik

Kommunen har tidlegare sagt ja til at det kan lagast ein reguleringsplan for bustader på Taushaugen sør for Bekkjarvik. I utvalsmøtet blei planprogrammet godkjent. Planprogrammet dannar grunnlaget og set rammene for det vidare planarbeidet.

Formålet med planen er å regulere eit nytt byggefelt ovanfor det eksisterande bustadfeltet sør for Selbjørn skule. Forslagsstillar ønsker å bygge mellom 40 og 60 nye bueiningar.

Fordi planen kjem i eit område som i kommuneplanen er avsett til landbruk, friluftsliv og natur (LNF) – og altså ikkje er i samsvar med overordna plan – så utløyser det krav om eit planprogram og konsekvensutgreiing. Kommunen har derfor vedtatt at planens verknader for landskap og naturmangfald skal konsekvensutgreiast. Dessutan krev kommunen at planskildringa skal vurdere samferdsel og teknisk infrastruktur, og barn og unges interesser og oppvekstvilkår.

Her kan du lese meir om planprogrammet.

Endring i reguleringsplanen for Rabben

Ei mindre endring av den gjeldande reguleringsplanen på Rabben er godkjent. Med endringa så opnar planen for ny servicehall og lagerbygg for notbinger. I tillegg til utviding av kai utanfor eksisterande fylling, utviding av plangrensa og omlegging av vegen inne i planområdet.

Her kan du lese meir om planen.

Reguleringsplan for Bjånes på høyring

Endring av den gjeldande reguleringsplanen på Bjånes er vedtatt lagt på høyring. Høyring blir kunngjort særskilt. Formålet med planen er å tilpasse den gamle reguleringsplanen til arealformålet i kommuneplanen frå 2013. Det betyr endring frå naust til utleigeeiningar. Det blir også lagt til rette for veg, parkering og tekniske anlegg i planforslaget.

Les meir om planendringa her.

Byggesaker

Kommunen har sagt ja til dispensasjon for å bygge opp igjen eit nedbrent sjøhus på Drønen. Det blir gitt dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona og at bygningen kan byggast større enn det kommuneplanen legg opp til.

Les meir om saka her

I kommuneplanen er det angitt ei kvote på kor mange bygg ein kan oppføre i område som er avsett til LNF-område og der det er tillate med "spreidd bustadbygging". På Fagerbakke, Søre og Nordre Drivenes er kvota brukt opp, derfor har kommunen sagt ja til at det kan frådelast og byggast ny bustad på Fagerbakke.

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon for å frådele nausttomt i Stangelandsvågen. 

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon for å legge ut flytebrygge på Klepsvik. 

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon for å bygge naust i Kolbeinshamn.

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon for å bygge eit tilbygg til fritidsbustad, utviding av bod og heving av ein eksisterande kai.

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon for å legge ut flytebrygge og utvide ein eksisterande kai på Sauganeset.

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon for å bygge garasje i LNF-område på Vinnes.

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker har sagt ja til dispensasjon frå byggegrense i reguleringsplan, for å bygge næringsbygg i Veivåg.

Les meir om saka her.

Utval for plan- og byggesaker utsette behandling av søknad om dispensasjon for oppstart av bygging av tilkomstveg og parkering på Søre Drivenes. Utvalet ønsker å gå på synfaring i området før saka blir behandla. Saka blir tatt opp igjen i førstkomande møte, 11. mai.

Her kan du lese om saka som blei utsett.

Fann du det du leita etter?