Austevoll kommune

Vedtak i utval for plan- og byggesaker

I ettermiddag har det vore møte i plan- og byggesaksutvalet. Vedtaka som er fatta får du oppsummert her.

Mindre endring av ein liten reguleringsplan i Torangsvåg

Kommunen har godkjent mindre endring av ein liten reguleringsplan i Tråvik i Torangsvåg. Den oppdaterte reguleringsplanen opnar no for eit nytt næringsbygg, eit nytt bygg med lager i 1. etasje og mannskapsovernatting i 2. etasje. I tillegg blir regulert småbåthamn omgjort til industrikai.

I tillegg til å godkjenne planendringa vedtok utvalet også byggeløyve, sånn at næringsbygga kan byggast så raskt som mogleg.

Les dokumenta i saka her.
 

Dispensasjonssøknader til behandling:

På Hundvåkøy:
Gnr. 32 bnr. 11 Taranger.
Ja til dispensasjon for to naust med kaifront.
Les saksdokumenta her.

På Selbjørn:
Gnr. 66 bnr. 2, Søre Drivenes. 
Ja til dispensasjon frå LNF-formålet i kommuneplanen, for bygging av tilkomstveg og parkering.
Les saksdokumenta her.
Utvalets vedtak kan du lese her. (PDF, 11 kB)

På Huftarøy:
Gnr. 42 bnr. 102 Birkeland.
Ja til dispensasjon for å planere naustområde og lage kai i Vasseide.

Utvalets vedtak kan du lese her. (PDF, 67 kB)

Gnr. 43 bnr. 184 Storebø. 
Ja til dispensasjon for tilbygg, brygge og leilegheit i Lindevika i Austre Storebøvågen. 
 
Gnr. 54 bnr. 102 Heimark.
Ja til dispensasjon for tilbygg over 50 kvadratmeter i LNF-område med spreidd busetnad.

Les saksdokumenta her.

Gnr. 61 bnr. 1 Husavik.
Ja til dispensasjon for oppføring av naust.
Les saksdokumenta her.

Gnr. 63 bnr. 9 Vinnes. 
Ja til dispensasjon for bygging av kai.
Les saksdokumenta her.


Klagesaker til behandling:

På Stolmen:
Gnr. 14, 16, 17 og 18 Våge, Årland og Stangeland. 
13. desember i fjor godkjente kommunestyret reguleringsplan for Stangelandsvågen. I etterkant av vedtaket kom det inn tre klager på godkjenningsvedtaket.

Desse klagene blei behandla av utvalet i dag. Utvalet tok ikkje klagene til følgje. Klagesaka går no vidare til Fylkesmannen for endeleg klagebehandling.

Les saksdokumenta her.

På Hevrøy:
Gnr. 21 bnr. 82 Hevrøy.
Utvalet tok ikkje klage frå Fylkesmannen i Vestland til følgje på eit dispensasjonsvedtak som tillot frådeling av ein teig på Hevrøy. 

Les saksdokumenta her.
Utvalets vedtak kan du lese her. (PDF, 10 kB)

For same dispensasjonssak vedtok utvalet utsett verknad av dispensasjonsvedtaket, i påvente av klagebehandlinga. 

Les saksdokumentet her.

På Hundvåkøy:
Gnr. 35 bnr. 8 Troland.
Utvalet tok ikkje klaga til følgje på eit vedtak fatta 7. november i fjor der kommunen gav løyve til arealoverføring og frådeling frå bnr. 8 til bnr. 15, begge på gnr. 35
Les saksdokumenta her.

På Huftarøy:
Gnr. 54 bnr. 2 Heimark. 
Utvalet tok klage frå Fylkesmannen i Vestland delvis til følgje.
Les saksdokumenta her.