Austevoll kommune

Ver ein god rollemodell

Gratisforedrag om MOT i kultursalen på Storebø skule, tysdag 12. februar kl.18-20.

Austevoll kommune inviterer til foredrag med tematikken; "korleis vera ein god rollemodell".

Bli betre kjent med MOT-filosofien som blir brukt i klasserommet og hos samarbeidspartnarar i kommunar og næringsliv. Mot forsterkar arbeidet til skulen vår gjennom å gjera elevane meir robuste til å møta dei utfordringane som dei møter og vil møta i framtida.

Som vaksen kan du vera med på å forsterka positive beskyttelsesfaktorar for barn og unge. MOT vil styrka sitt arbeid ved å ha fokus på vaksne si felles forståing for kor viktig det er å skapa ein kultur der alle er inkludert. Denne kvelden vil me setja fokus på dette i møte med barn og unge.

Foredragshaldar Bjørg-Elin Moen har doktorgrad i psykologi frå NTNU. Ho er tilsett i MOT og er kjent som ei inspirerande og modig foredragshaldar- ho vil blande forsking, historier og erfaringar slik at du går ut derifrå og veit meir om kva du kan gjere for å bidra til eit varmare og tryggare samfunn.

Velkommen skal de vera!