Austevoll kommune

Verdensdagen for psykisk helse

Austevoll kommune og Austevoll vidaregåande skule markerer denne veka verdensdagen for psykisk helse.

Austevoll kommune og Austevoll vidaregåande skule markerer denne veka verdensdagen for psykisk helse. På flaggstonga utanfor kommunehuset kan du sjå den flotte vimpelen som er laga for denne markeringa. Aksjonen framhevar at det er 5 gode grunnar til å markera dagen:

  • det blir lettare å dela tankar med andre – å gi og få støtte
  • mindre tabu og skam rundt psykiske utfordringar
  • du er med på å skapa eit meir inkluderande nærmiljø
  • eit rausare samfunn gir betre psykisk folkehelse
  • du styrker di eiga psykiske helse

Dette er ei viktig sak for oss alle - du kan lesa meir om dette på verdensdagen.no.