Invitasjonen til å delta i undersøkinga blei sendt ut med e-post til alle med folkeregistrert adresse i Austevoll og resten av Vestland som har born i alderen 3 til og med 17 år. Foreldre blir spurt om born og unge si fritid, si eiga rolle, og om medievanar. Spørjeskjemaet tar om lag 15 minutt å svare på.
Om du enda ikkje har svart, håpar me du set av tid til det!
NB! Austevoll kommune har ingen ansvar for utsending av e-post eller innlogging. Hos nokon ligg e-posten i spam filteret/søppel filteret. Sjekk der om du eller den andre føresette ikkje har fått undersøkinga. Har du spørsmål, kontakt Vestland fylkeskommune via link under.
Kvifor er undersøkinga viktig?
Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett og friluftsliv.
Undersøkinga vil vere relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.
Barnefamiliepanelet
Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke alle kommunane i Vestland fylke.
Meir info
Vil du vite meir om undersøkinga og barnefamiliepanelet sjå vlfk.no/barnefamilie.