Austevoll kommune

Veten vert stengt for turgåarar i periodar i veke 46-48

Tysdag 16. november blir turområda rundt Veten stengt grunna helikopterflyging. Dette vil òg gjelde for fleire dagar i løpet av veke 46-48, men tidspunkt er førebels ikkje avklart.

I samband med bygging av Sherpatrapper skal det fraktast stein med helikopter opp til Veten. Arbeidet blir utført over fleire dagar i løpet av veke 46-48 og første dag med helikopterflyging blir tysdag 16. november. 

Det vil vere vakthald ved innfallsportar til området det skal flys i. For å ivareta din sikkerheit, oppmodar Austevoll kommune deg til å nytta ei av dei andre turløypene i kommunen.

Dei blå linjene på kartet under viser ruta helikopteret skal nytta.