Austevoll kommune

Vil du bli med i ungdomsrådet?

 2-års perioden for dagens ungdomsråd er ferdig og kommunen treng kandidatar som kan veljast inn i ungdomsrådet for neste 2-års periode. Ungdomsrådet tek vare på interessene til ungdom i Austevoll kommune, både fastbuande og hybelbuande ungdommar. Austevoll kommune oppfordrar all engasjert ungdom om å melde seg som kandidatar til å kunne veljast inn i ungdomsrådet. Ta ein prat med tidlegare medlemmar om kva eit ungdomsråd er (biletet viser ungdomsrådet som vart valt i 2019)..

Korleis veljast ungdomsrådet?
Det er kommunestyret, det øvste politiske styringsorganet i kommunen, som vel ungdomsrådet for periodar på to år om gangen.

Kommunestyret vel medlemmar til ungdomsrådet blant dei kandidatane som har meldt seg, via skjema på denne sida. Ved val av medlemmar til ungdomsråd er kommunestyret opptatt av å få ei blanding av gutar og jenter som representera mangfaldet av ungdommar i Austevoll kommune.

Organisasjonar som representerer ungdom har rett til å foreslå medlemmer til det ungdomsrådet som representera deira interesser.

Ungdomsrådet vel sjølv sin leiar og nestleiar.

Nyval av ungdomsråd blir gjort innan utgang av 2021.

Kven kan veljast inn i ungdomsrådet?
På tidspunktet du blir vald inn i ungdomsrådet må du vere under 19 år og du må vere folkeregisteret i ei kommune som ligg i Vestland fylkeskommune.

Ungdomsråd skal ha seks eller åtte medlemmer, av dei skal minst fire vere ungdomsskuleelevar på tidspunktet dei blir valde i inn i ungdomsrådet.

Korleis tek ungdomsrådet vare på interessene til ungdom i Austevoll kommune?
Alle saker som gjeld ungdom blir lagt fram for ungdomsrådet. Ungdomsrådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Formålet med ungdomsrådet er å bidra til å sikre brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld ungdom.

Møta til ungdomsrådet blir halde etter skuletid, ofte på kveldstid. Ungdomsrådet har sekretær som hjelper til med møta og alt det praktiske rundt gjennomføring av møta. Tilsette i kommunen som jobbar med saker som gjeld ungdom blir med på møta når det er naudsynt eller ungdomsrådet ber om det. Dei blir med i møta for å sikre at ungdomsrådet får informasjonen dei treng for å handsame saker eller får svar på spørsmål som gjeld ungdom i kommunen.  

Medlemmar av ungdomsrådet kan vere med på ulike prosjekt i kommunen og fylkeskommunen, dei kan også reise på studieturar.

Eksempel på kva ungdomsrådet har jobba med dei siste to åra:

  • Ungdomsrådet har hatt representantar i ulike prosjekt kommunen har jobba med, blant anna utbygging av Austevoll ungdomsskule.
  • Ungdomsrådet har vore på studietur til Oslo. Der besøkte ungdomsrådet ungdomsklubbar for å få inspirasjon og idéar til korleis ungdomsklubben på Storebø skal utformast og organiserast. I Oslo blei dei også kjent med andre ungdomsråd frå kommunar i heile Norge gjennom ulike aktivitetar, blant anna konsert og middag i Oslo rådhus.
  • Ungdomsrådet var ein svært viktige pådrivar for å få kommunestyret til å vedta etablering av ein ungdomsklubb i det gamle kommunehuset på Storebø. Ungdomsrådet har også jobba mykje med fysisk utforming og organisering av ungdomsklubben på Storebø, som forhåpentlegvis snart er klar til opning.
  • Ungdomsrådet har representantar i Vestland sitt Fylkesting for ungdom. Som representant i Fylkesting for ungdom kan ein ha innverknad på livet til ungdom i heile Vestland fylkeskommune.
  • Ungdomsrådet har vore med på å arrangere UKM – Ung Kultur Møtast


Her kan du lese vedtektene til Austevoll ungdomsråd


Meld deg som kandidat her.

Påmeldingsfrist: 26.10.2021

Spørsmål?
Ta kontakt med politisk sekretær Lillian K. Bolstad

E-post: lillian.kristin.bolstad@austevoll.kommune.no

Mobil: 45 37 63 84