Austevoll kommune

Vil du bli styremedlem i Austevoll frivilligsentral?

 Klikk for stort bilete

Vi treng engasjerte frivillige som vil vere med på å forme aktiviteten til Austevoll frivilligsentral.

Styret i Austevoll frivilligsentral skal bestå av:

  • 1 representant frå formannskapet med vara
  • 2 representantar frå frivillige eller brukarar tilknytta frivilligsentralen med vara
  • 1 representant for ungdomsrådet med vara
  • 1 representant for råd for menneske med nedsett funksjonsevne med vara
  • 1 representant for eldrerådet med vara

Det er formannskapet som vel medlemmar, nestleiar og leiar for styret i frivilligsentralen.

I møte 09.06.2020 sak 065/20 valde formannskapet representant for ungdomsrådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og formannskapet.

For at formannskapet skal kunne velje representantar frå frivilligheita i Austevoll kommune treng dei kandidatar frå det frivillige.

Er du aktiv i frivillig innsats og vil du representetere frivillige i styret til Austevoll frivilligsentral?

Meld di interesse her innan 30. september 2020

Vedtekter Austevoll frivilligsentral