Austevoll kommune

Vil du bli valmedarbeidar?

Klikk for stort bilete 
Austevoll kommune har behov for valmedarbeidarar til stortingsvalet måndag 13. september 2021. 
Frist for å melde seg er 15. juni 2021.

Valmedarbeidarane skal fordelast på ni vallokale på valdagen. Alle som jobbar med val vil få opplæring i dei oppgåvene dei skal utføre.

Som valmedarbeidar er du medlem av røystestyret og som medlem av røystestyret er du definert som folkevald. Det betyr at du har rettar.

Som medlem av røystestyret har føljgjande rettar:

  • å få refundert legitimert tapt arbeidsforteneste avgrensa til maksimum kr 2 500. Innanfor denne maksimumssummen blir det og gjeve eventuell refusjon for utgifter til vikar m.m. Frist for innsending av krav er 3 månadar etter at møtet etter valdagen. Refundert legitimert tapt arbeidsforteneste avgrensa til maksimum 2500 kr per dag. Innanfor denne maksimumssummen blir det og gjeve eventuell refusjon for utgifter til vikar m.m.
     
  • Tilsette i Austevoll kommune får finansiert tapt arbeidsforteneste gjennom folkevaldordninga.
     
  • timeløn på 250 kr og eventuell overtidsbetaling
     
  • reisegodtgjersle
     
  • mat

Vallova stiller strenge krav til at det skal leverast eit korrekt valresultat. Derfor blir desse krava stilt til deg som skal jobbe som valmedarbeidar:
 

  • Du må vere over 18 år eller fylle 18 år i løpet av 2021.
  • Du må ha generell PC-kompetanse (vi bruker elektronisk valadministrasjonssystem EVA ( med elektronisk ID pålogging).
  • Du må vere effektiv, systematisk, nøyaktig ved registrering og oppteljing av stemmer.
  • Du må yte god service i rettleiing  av veljarane.
  • Du må pårekne noko arbeid i forkant/etterkant av valdagen.

Valmedarbeidarane blir valde av valstyret til å sitje i eitt av dei ulike røystestyra. Kvart røysestyre skal ha ein leiar og ein nestleiar. I dei ulike røystestyra skal det vere minimum tre medlemmar. Dei fleste røyststyra i Austevoll har fleire medlemmar.

Vi oppfordrar tidlegare røystestyremedlemmar til å melde seg.

Meld deg som valmedarbeidar
 

Eksempel på arbeidsoppgåver i et vallokale

Før opning

  • Sjekke at du har tilgang til internett og EVA
  • setje opp valutstyr, bord, avlukke med meir

Under valting

  • ta imot veljarar til registrering på PC
  • stemple stemmesetelen
  • passe på valurna
  • fylle på stemmesetlar i valavlukka
  • vise/rettleie veljaren til valavlukker og registrering
  • vere utevakt/dirigere kø
  • vere dørvakt
  • sikre trygg avstand mellom veljarane
  • sikre veljarane god tilgang til handsprit

Etter stengetid

  • rydde lokalet
  • oppteljing
  • pakke ned røystsetlar
  • stemmestyret transporterer røystesetlane til sentral teljing på kommunehuset (minst 2 personar)

Kontaktinfo

Lurer du på noko, kan du kontakte politisk sekretariat på e-post ps@austevoll.kommune.no

Lillian Kristin Bolstad tlf. 45 37 63 84

Wenche Gloppen tlf. 55 08 12 04