Austevoll kommune

Årsmelding 2017 - Austevoll kommune

4 Helse og omsorg

4.1 Legetenesta

Legetenesta leverer helsetenester til alle innbyggjarane i kommunen, heile døgnet, heile året. Tenesta fungerer som medisinsk-fagleg rådgjevar i kommunen, leverer legetenester til andre verksemder i kommunen og lovpålagte tenester innan mellom anna smitevern og psykisk helsearbeid. 21 tilsette er fordelt på 10 årsverk med fastlege, kommuneoverlege, sjukeheimslege, helsestasjonslege, skulelege, lege på helsestasjon for ungdom, turnuslege og legevakt. Støttefunksjonar er helsesekretærar og sjukepleiarar.

I 2017 flytta legetenesta i til nye Austevoll legesenter. Dette gjorde at ein måtte handtera både nedlegging og nyetablering på ein god måte. Det har blitt investert i nytt utstyr for helsehuset og det var to månader med redusert drift. Likevel, så ligg driftsresultatet under budsjett. Det gjer håp om at ein skal kunne trekke økonomisk gevinst av samanslåinga i åra framover.

I det nye legesenteret er det kome nokre nye tilbod til innbyggjarane i Austevoll kommune. Ein vil spesifikt nemne suksessfaktorane «daglegevakt», legekontor for sjømenn og Reisemedisinsk klinikk. Austevoll legevakt har hatt tilskot frå Helsedirektoratet til kompetanseutvikling og oppfyller alle krav som er satt i akuttmedisinforskrifta.

4.2 NAV

NAV, eller sosialtenesta, opplyser, gjev råd og rettleiing for å løysa eller førebyggja sosiale problem. Tenesta arbeider generelt for å sikra stønadssøkjarar eit forsvarleg livsopphald, og at søkjarar fullt ut gjer det dei kan for å dekke sine levekostnader gjennom arbeid, eigne midlar eller ved å bruka gjeldande økonomiske rettar. Sosialtenesta har særskild fokus på å få ungdom i arbeid og aktivitet, på barnefamiliar og andre vanskelegstilte. Fleire har samansette vanskar og behov, og treng oppfølging over tid.

Flyktningtenesta ligg under NAV, og i 2017 har Austevoll kommune busett 12 flyktningar, av desse er 8 vaksne og 4 barn. Totalt har Austevoll kommune pr. 31.12.2017 busett i alt 37 flyktningar. Flyktningar treng hjelp og tilrettelegging med omsyn til buseting, etablering, integrering og inntektssikring. Flyktningkoordinator samarbeider med vaksenopplæringa, frivilligkoordinator og sosialtenesta.

4.3 Ergo- og fysioterapitenesta

To fysioterapeutar og ein ergoterapeut yter tenester til barn og unge opp til 18 år. I tillegg er det hjelp til dei svakaste eldre. Barnehagebarn og heimebuande over 85 år får førebyggjande behandling. I 2017 fekk tenesta inn 240 nye tilvisingar. I tillegg har tenesta i underkant av 30 faste brukarar som får regelmessig oppfølging ein til fem gonger per veke.

I haust har om lag 70 barn i 3. klasse fått oppfølging av fysioterapeut i eit eige prosjekt med midlar frå Helsedepartementet. Det har og vore mogeleg for ungdommar ved Austevoll ungdomskule å nyta seg av «open dør» til fysioterapeut. Det har og i 2017 kome midlar frå Helsedirektoratet knytt til prosjektstilling for utarbeiding av «opptrappingsplan for rehabilitering og habilitering». 
Til ergo- og fysioterapitenesta er det knytt to privatpraktiserande fysioterapeutar. Dei driftar Selbjørn fysikalske institutt og Storebø fysikalske institutt. I faste stillingar, stillingar med driftstilskot og i prosjektstillingar tel dei til saman ni tilsette.

4.4 Psykisk helse

Psykisk helse yter tenester til alle over 18 år og er ei eining med fagleiar, psykiatrisk sjukepleiar, kreftsjukepleiar og spesialsjukepleiar. I tillegg er det leigd inn ein psykologspesialist ein dag i veka. I 2017 hadde eininga for psykisk helse 60 pasientar. Eininga hadde i fjor fokus på tverrfagleg samarbeid i kommunen, med Helse Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.

4.5 Helseservicekontoret

Helseservicekontoret er delt opp i to hovudområde: eldreomsorg og koordinerande eining. Brukargruppene av tenestene som får vedtak utført av helseservicekontoret er eldreomsorg, menneske med utviklingshemming, menneske med nedsett funksjonsevne og barn og unge med behov for tilrettelegging. I 2017 var talet på tenestemottakarar av praktisk bistand 107 personar. Talet på tenestemottakarar av heimesjukepleie var 184 personar, i 2016 var dette talet 116. Helseservicekontoret følgjer opp ei rekke kontraktar som gjeld kjøp av tenester frå private leverandørar. Ei av hovudopgåvene er å kvalitetssikre tenestene til innbyggjarane i Austevoll kommune. 

4.6 PO-senteret

Det er Aleris Omsorg AS som driv pleie- og omsorgstenestene for Austevoll kommune. Pleie- og omsorgstenestene inneheld tilbod om dagsenter til demente, heimesjukepleie, praktisk bistand og opphald ved institusjon. PO-senteret har 46 bebuarar.


ØH-seng (øyeblikkelig hjelp seng) blei sett i verk i 2016, i 2017 auka bruken av den frå 77 til 87 døgn. Intensjonen med ØH-seng er å hindre innlegging av pasientar til spesialisthelsetenesta, og når det er mogleg å gi forsvarleg tilbod i eigen kommune. Typiske pasientar er dei som har forverring av kjende tilstandar, med avklart diagnose og funksjonsnivå. For å få tildelt plass i ØH-seng, skal diagnose vera avklart og kjend. Det er observasjon og medisinsk behandling som er hovudoppgåvene.

Ved å vera tett på bebuarane får ein gevinstar. Det er ein i eit pleie og omsorgsenter. Det er gitt gode tilbakemeldingar frå bebuarar og pårørande som får teneste ved pleie- og omsorgsenteret. Pårørandeundersøkinga viser at pårørande var tilfredse med personale, med pleia, og at dei fekk ta del i å påverke pleia. Bebuarundersøkinga viste at bebuarane opplever personale som tilgjengeleg, dei gir uttrykk for at dei kjenner seg trygge og dei vil anbefale PO-senteret til andre.

4.7 Jordmortenesta

Jordmortenesta har 1,5 årsverk. Jordmortenesta tilbyr heimebesøk til alle, kort tid etter heimkomst. I 2017 vart det fødd 71 barn i Austevoll. 
Jordmortenesta og helsestasjonen fekk i 2017 midlar til prosjektet «Seksuell helse». To tilsette har opparbeida kompetanse i feltet som inkluderer kurs og hospitering. Samtalegrupper har starta opp for menn og for kvinner. Det er kjøpt inn utstyr til undervisning.

4.8 Eidsbøen bufellesskap

Eidsbøen bufellesskap yter praktisk bistand og opplæring i eigen heim, og heimesjukepleie til personar knytt til eininga. Om lag 28 tilsette jobbar i Eidsbøen bufellesskap i ulike stillingsstorleikar. Det er assistentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, sjukepleiarar og vernepleiarar. Arbeidstida er turnus over seks veker. I 2017 var brukargruppa 22 personar med utviklingshemming i alderen 14 år til 66 år, i tillegg til personar med rusproblematikk.

Fant du det du leita etter?