Austevoll kommune

Årsmelding 2017 - Austevoll kommune

3 Oppvekst

3.1 Barnehage

Austevoll kommune er barnehagemynde og skal rettleie og sjå til at barnehagar blir drivne i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen har ansvar for å legge til rette for ein samordna opptaksprosess og for at alle barn får barnehageplass i samsvar med lov. Det er  vedteke ein overgangsplan som skal sikra ein god og trygg overgang mellom barnehage og skule med faste og forutsigbare rutinar. Planen gjeld frå oppstart av nytt barnehageår hausten 2017. Det har i 2017 ikkje vore tilsyn etter § 16 i barnehagelova. Barnehagane har rapportert om bemanning, arealutnytting, tal barn og alder og pedagognorm, 6 gonger i løpet av året. I samarbeid med helsevernetaten har kommuneoverlegen vore på fleire tilsyn i barnehagane (miljøretta helsevern).

Frå nytt barnehageår 1. august 2017 gjeld ny forskrift til rammeplan. Kommunen har halvårsplan for møteverksemd og har lagt til rette for tverrfaglege møteplassar med styrarar, pedagogar og andre tenester innan oppvekst.

Som barnehagemynde har ein lagt til rette for at barnehagane kan delta i kompetanseutvikling. Alle barnehagane deltok på fagdag i Bergen, og på kursing i samband med nytt regelverk.

Det har vore gjennomført 6 nettverksmøte for barneansvarlege i Midthordland kompetanseregion i 2017, der det i hovudsak har vore fokus på høyringar, gjennomføring av tilsyn og oppdatering av skjema knytt til skriftleg tilsyn og ny rammeplan.

3.2 Barnevern

Barn, ungdom og familiar i vanskelege livssituasjonar får hjelp frå barneverntenesta i Austevoll. Eininga sørgjer for oppfølging og tiltak for å møta utfordringar på ulike nivå. I 2017 hadde barneverntenesta 53 barn og unge under oppfølging, ei auke på 10 barn frå 2016, og ei auke på 26 frå 2015. Barneverntenesta mottok 38 bekymringsmeldingar i 2017, ei auke på 2 frå 2016 og 12 frå 2015.

Barneverntenesta deltar i fylkesmannen i Hordaland sitt prosjekt om akuttberedskap for barn og unge, og vil i løpet av 2018/2019 ha døgnåpen barnevernvakt. Det vil då vere eit felles nummer for heile fylket som ein kan ringe mellom kontortid, helg, og heilagdagar for å få akutt hjelp.

Barneverntenesta jobbar tett med barnehagar og skular i kommunen for å drive førebyggande. Barneverntenesta har som mål å besøke alle barnehagar og skular i løpet av 2018. Barneverntenesta driv også med drøftingsteam saman med helsestasjonen, PPT og legetenesta. I drøftingsteam kan alle offentlege instansar som har kontakt med barn og unge drøfte bekymringar anonymt. 

3.3 PPT - pedagogisk psykologisk teneste

Tenesta har tilsette som spesialpedagogar, logoped og psykolog. Eininga driv mellom anna kartlegging og utgreiing av lærevanskar og gir sakkunnige vurderingar. Somme av desse munnar ut i endra ressursbruk i skule og barnehage. PPT kan vere rettleiarar for best mogeleg tilrettelegging for barn og unge i skule og barnehage. Brukargruppa er føresette, barn og unge i barne- og grunnskulealder og vaksenopplæringa. 

PPT har ansvar for å driva programmet  «Zippy’s venner», og er med i nettverksmøta med 1. og 2. trinns lærarane. PPT er med på foreldremøta til 1. trinn for å informera om tilboda PPT har. Skulane og barnehagane har månadlege arbeidsmøter med PPT. I august 2017 fekk PPT ansvar for den utøvande spesialpedagogiske hjelpa i barnehagane. Nasjonale føringar legg opp til at PPT skal arbeida meir systemretta enn før. I det høvet har tenesta delteke i kurs og etterutdanning. PPT har eit nært samarbeid med Statped og PP-tenestene i Fusa og Os. Kontoret har hatt eit samarbeid med Autismeteamet i fylket. Dei siste åra har det vore stor auke i førespurnadar til PPT. Sakene vert fleire og meir komplekse, noko som krev fagleg oppdatering og kunnskapsinnhenting.

3.4 Helsesøstertenesta

Fem helsesøstre er fordelt på helsestasjonstenesta, skulehelsetenesta og helsestasjonen for ungdom. To helsesøstre driftar helsestasjonen og har ansvar for oppfølging av barn mellom 0 til 5 år. Tre helsesøstre arbeider i skulane med ansvar for barn og unge frå 6 til 20 år. Kommunen har kommunepsykolog for barn og unge i 75 prosent stilling, i tillegg er det tilsett helsesøster i 75 prosent stilling i prosjektet «God helse –felles ansvar». Lønsmidlar til prosjektet vert dekt av Helsedirektoratet. Prosjektet skal styrke helsestasjon- og skulehelsetenesta.   Helsestasjonstenesta skal bidra til å førebyggja sjukdom og fremja god fysisk og psykisk helse hos barn og deira familie. Dette er eit lågterskeltilbod, som skal vera lett tilgjengeleg for brukarane. Skulehelsetenesta er ei teneste for elevar mellom 6 og 20 år. Elevane får tilbod om helsekontrollar, undervising og vaksinasjonar.

3.5 Kulturskulen

11 lærarar på litt under fire årsverk utgjer kulturskulen i Austevoll. Dei underviser i 14 ulike fag innan musikk, dans og biletkunst. I 2017 vart det forsøkt starta eit ungdomskor i samarbeid med Austevoll Musikkråd. Interessa var lita, trass god marknadsføring og mediedekning. Utprøving av ei song- og kultursamling for born frå forskjellige land blei prøvd ut, men hadde heller ikkje nok interesse. Elles er dei etablerte tenestene godt brukt og har mykje aktivitet.

3.6 Vaksenopplæring

Kommunen har ansvar for opplæring særskilt organisert for vaksne, og Opplæringslova regulerer opplæringa. I 2017 har eininga litt under fire årsverk og flytta lokale frå Austevoll ungdomsskule til det gamel kommunehuset på Storebø i august 2017. Mottakarar av tenester: Flyktningar og familegjenforente i introduksjonsprogram, betalingselevar i norsk, utviklingshemma deltakarar og anna spesialundervisning.

3.7 Austevoll folkebibliotek

Eininga har ein biblioteksjef i full stilling, i tillegg til ein bibliotekar i 20 prosent stilling. Biblioteket har 34 opningstimar per veke. Tenestene omfattar utlån av ulike medier, fjernlån, kopiering, internett, digitale informasjonstenester, debattar, film- og teaterframsyningar, utstillingar og andre kulturarrangement. I alt hadde biblioteket 7 945 besøk, 12 111 utlån, 9 utstillingar - og 15 ulike arrangement.

3.8 Grunnskulen

Organisasjonskartet i Austevoll kommune plasserer grunnskulen under tenesteområdet oppvekst. Skulane (som inkluderer vaksenopplæring og kulturskule) ligg her saman med andre einingar som er helsestasjon og psykolog, barnevern, PPT, bibliotek og barnehagemynde.


Vi har 4 offentlege grunnskular og 1 privatskule i kommunen. I hausthalvåret 2017 er elevtalet 714 elevar inkludert privatskulen.

Tenester

  • Grunnskuleopplæring 1.-10. trinn etter læreplanen Kunnskapsløftet m/forskrift ⋅ SFO- ordning 1.-4. trinn
  • Lokalitetar for og i samarbeid med kulturskulen
  • Lag og organisasjonar: Trening, øving, arrangement
  • Utleige av lokale til arrangement, kurs m.m.

Det er opplæringslova som regulerer grunnskule og vidaregåande opplæring i offentlege og private grunnskular. 
Austevoll kommune har ein felles overordna plan for grunnskulen kalla «Austevollskulen 2015-2018. Kvalitet og utvikling». Dette lokale plandokumentet er forankra i gjeldande lover og regelverk, og set føringar og mål for arbeidet i alle skulane. Planen har 3 prioriterte fokusområde, og skal reviderast i 2018.

Fant du det du leita etter?