Austevoll kommune

Årsmelding 2017 - Austevoll kommune

2 Utvikling og forvaltning

2.1 Brann og redning

Brannmannskapa hadde 79 utrykkingar i 2017: Dei gjaldt mellom anna 3 brannar i bygningar, 8 trafikkulykker, 10 ambulanse/first responder, 19 «annan assistanse» og 31 unødige alarmar. Eininga har brannsjef og brannmeister. Feiartenesta blei utført av feiar i 40 prosent stilling (i 2018 blir det ei full stilling til). 20 personar er i mindre stillingsprosentar som utrykkingsmannskap. 

2.2 FDV - forvaltning, drift og vedlikehald

FDV har overordna ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine eigedommar mellom anna skular, idrettsanlegg, kommunehus, brannstasjon, helsehus, omsorgsbustadar og vegar. Eininga har 8,5 årsverk med ansvar for oppfølging av teknisk tilsyn, forbruk av energi, dagleg reinhald, leasingbilar, kommunen sine uteområde og hamneområda.

Tenesteområdet skal ivareta kommunal eigedom og funksjonalitet for innbyggjarane, besøkjande og tilsette i kommunen. Målet for eininga er å sikre god levetid på kommunale bygg og kommunal eigedom gjennom vedlikehald, service og reinhald.

I 2017 avslutta FDV drifta av fleire kommunale bygg, og flytta mange einingar inn i nye lokale. Omsorgsbustadar er utbetra med nye bad, kjøkken og innvendige overflater. PO-senteret har fått oppgradering av uteområdet med anleggsgartnar frå FDV.  Det er kjøpt inn utstyr for ivaretaking av snøbrøyting og gartnaroppgåver. FDV hadde i 2017 ein komplett gjennomgang av reinhaldstenestene og har inngått ny avtale.

2.3 Plan og byggesak

Eininga har ansvar for byggesakshandsaming, ferdigattestar, rivingsløyve, frådeling, dispensasjonar, klagesakar, konsesjonssøknadar, utsleppsløyve, detaljreguleringsplanar og samfunnsplanar med meir.

Plan- og byggesak talde 8,7 årsverk i 2017, fordelt på 3 plankonsulentar, 5 byggesakshandsamarar og leiar. Stord/Fitjar landbruks- og miljøkontor hjelper avdelinga med sakshandsaming innan landbruk og viltforvaltning. Austevoll Kart (Aukas) tek matrikkelføring og adresse-endringar.

Resultat 2017

  • 13 detaljreguleringsplanar blei politisk godkjente
  • 24 saker fekk anten oppstart eller blei lagt ut på høyring
  • 66 dispensasjonssaker blei politisk vedtekne, medan 519 byggesaker blei avgjort administrativt 

Målet til Plan- og byggesak er å auka kvaliteten og effektiviteten i sakshandsaminga, i tillegg til å sikre at vedtak og sakshandsaming skjer i samsvar med regelverket.

2.4 Prosjekt - bygg og anlegg

Eininga har 1 årsverk som i 2017 var engasjert i prosjekt under utføring, og prosjekt i planleggingsfasen. Prosjekt under utføring i 2017 var Austevoll fiskerihamn, med bygging av 3 kommunale kaiar, 2 omsorgsbustadar på Eidsbøen, utviding av Bekkjarvik kyrkjegard og Austevollbadet. Austevoll helsehus var også eit stort prosjekt i fjor.

Prosjekt i planleggingsfasen var starten på arbeidet med å prosjektere rehabilitering/riving av gammal del av Austevoll ungdomsskule, førebuing av samferdselsutgreiing i samband med Austevollpakken og utvidinga av folkebiblioteket i Bekkjarvik.

2.5 Næring

Austevoll blei rangert nr 1 i fylket  i 2017 i NHO si måling om attraktivitet og lokal vekstkraft. Nasjonalt er Austevoll nr 6 av 426 kommunar. Innan verdiskaping, nyetablering, sysselsetting og kjøpekraft blei Austevoll rangert som nr 1 i Noreg. Med gründerånd og høg gjennomføringsevne utforskar næringslivet i Austevoll stadig nye moglegheiter knytt til havrommet. Nye verksemder kjem til, medan etablert næring stadig vidareutviklar sine produkt og tenester.


Kommunen si rolle er å vere rådgjevar, medspelar og tilretteleggjar – med mål om utvikling og innovasjon i lokalt næringsliv og fleire lokale arbeidsplasser. Tett samarbeid med nærings- og organisasjonsliv - og med eksterne aktørar gir resultat. Eitt døme i 2017 er samarbeid med Forskingsrådet om mobilisering til SkatteFunn-ordninga som gir bedrifter refusjon på prosjektkostnadar knytt til innovativt FoU-arbeid. Talet på lokale prosjektsøknadar som fekk stønad gjennom denne ordninga auka med 71 prosent frå 2016 til 2017.


Austevoll kommune arbeider for å synleggjere det lokale næringslivet. Fishery Match 2017 i Bergen og i Austevoll er eitt døme der 75 bedrifter og organisasjonar deltok, blant dei 25 frå utlandet. Næringsdagane i Austevoll 2017 i regi av Austevoll næringsråd, støtta av kommunen, er eit anna døme. I 2017 blei òg prosjektet Blått kompetansesenter presentert på Aqua Nor i Trondheim. Gode prosjekt frå lokalt næringsliv blei vist fram for eit større publikum. Kompetansesenterprosjektet mottok i 2017 tilsegn om delfinansiering frå mellom andre Hordaland fylkeskommune, og samarbeidet omfattar no både opplærings- og utdanningsmiljø, forskingsmiljø og lokalt næringsliv. Vidare er det signert intensjon om samarbeid med mellom andre havklyngene NCE Seafood Innovation Cluster og NCE Maritime Clean Tech.

Austevoll fiskerihamn, det nasjonale fiskerihamnprosjektet på Salthella, har det i 2017 vore stor anleggsaktivitet med mellom anna bygging av tre kommunale kaiar.

2.6 Kultur, idrett og frivillig arbeid

Kommunen tildelte i 2017 kr 1.060 000 til frivilligheita i øyriket. 43 prosjekt innafor kultur, idrett og frivilligheit mottok stønad gjennom ordningane idrettstilskot, kulturtilskot, bygdahuspotten, konsert- og arrangementstilskot, tilskot retta mot måla i Austevoll kommune sin kulturminneplan, og kulturtilskot retta mot eldre. Austevoll støtta i 2017 til dømes kystsogearrangement i Bekkjarvik, Selbjørn idrettslag mottok tilskot til å etablere badmintontilbod, Sameiget Storebø gamleskule fekk kommunale midlar for rehabilitering av gamleskulen, KDV musikkorps for drift, Prestaneset vel til vidareutvikling av Vikinghaugen, medan Møkstersamfunnet mottok tilskot til kultur- og idrettsarrangementet Møkster maraton.

Det blei i 2017 saman med frivilligheita i kommunen, arbeidd med større og mindre spelemiddelprosjekt. Austevollbadet er blant dei større.

Samarbeidet mellom det frivillige, næringsliv og offentleg sektor er god i Austevoll, og vert stadig vidareutvikla. Etablering av nye fritidstilbod, integreringsarbeid og koordinering av kompetanse og ressursar i ei rekke prosjekt kan trekkast fram som døme på innsatsen innafor det frivillige arbeidet. Som ein del av kommunen si frivilligsatsing vart Austevoll i 2017 kvalifisert for den internasjonale EVS-ordninga. Den opnar for at kommunen kan ta imot europeisk ungdom som ønskjer seg til Norge for å arbeide med frivillig sektor. I all hovudsak finansiert av EU-midlar.

2.7 Folkehelse/MOT

Fokuset på folkehelse er sentralt i Austevoll. Folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innafor alle tenesteområda, og det vert arbeidd tverrfagleg for å fremje god helse blant innbyggarane. Overordna vert folkehelseperspektivet teke omsyn til- og integrert i alle planar i kommunen. I arbeidet ut mot innbyggarane har folkehelsearbeid fokus på både  fysisk og psykisk helse. Vidare samarbeider ein med frivillige lag og organisasjonar om aktivitet og infrastruktur for aktivitet, arbeid med flyktningar og samarbeid med skule og oppvekst. Sistnemnde blant anna gjennom Austevoll kommune sitt MOT-engasjement. Folkehelsearbeidet blei ytterlegare forankra då kommunestyre i desember 2017 ga si tilslutning til målsettingar, prinsipp og strategiar i «Sunne kommunar», WHO sitt norske nettverk, og søkte om medlemskap frå 2018.

Fant du det du leita etter?