GENERELL INFORMASJON
For rask sakshandsaming ber vi om korrekte og utfyllande opplysningar Saman med søknadsskjemaet skal det sendast:
Kart/skisse i målestokk M 1:200 eller 1:100
På kartet/skissa skal det teiknast inn:
- Plassering av avkøyrsle (tilkomst veg, snu-og oppstillingsplass)
- Plassering av byggverk (bustad, garasje, tilbygg m.m.)
- Ved søknad om dispensasjon frå byggjegrense skal det teiknast inn avstand frå senterline køyrebane av off. veg til næraste kant av omsøkte byggverk. Legg ved målsett plan- og fasadeteikning.
Ufullstendig søknad vil bli returnert!
På grunn av eit evt. behov for framtidig vegutviding, samt ulemper som støv, støy o.l frå trafikken, må byggverk ikkje førast opp for nær ein offentleg veg. Difor må ingen bygningar, opplagsplass eller annan innretning (også lauskiosk) førast opp innafor ei byggjegrense som går 15 meter frå den kommunale vegen og 15 meter frå gang-/sykkelvegen, utan særskilt løyve frå kommunen. Anna byggjegrense kan vera fastsett i reguleringsplan. Avstanden skal reknast frå senterline køyrebane offentleg veg til næraste kant av omsøkte byggverk.
Vi vil gjere merksam på at det må søkjast om tilbygg til tidlegare oppførte bygningar, samt for gjenoppbygging av nedrivne eller nedbrende byggverk som ligg innafor byggjegrensa.
Kva kommunen legg vekt på ved handsaming av søknaden:
Kommunen må vurdere alle søknader i ein større samanheng m.a. av omsynet til trafikkavvikling og trafikktryggleik. Søknaden blir sett på i samanheng med kravet om betre og sikrare vegar.
Dersom stadig nye avkøyrsler vert etablerte, vil vegen langsomt men sikkert «gro igjen». Den aukande lokaltrafikken som følgjer med avkøyrslane vil gradvis forandre samlevegen til lokal bustadveg.
Det er nær samanheng mellom talet på trafikkulykker og talet på avkøyrsler langs ein veg, og det er særleg dei som bur langs vegen som vert ramma.
Søknadene blir vurdert forskjellig avhengig av vegen sin funksjon, trafikkmengde, fartsnivå, m.m.
Ved søknad om dispensasjon frå byggjegrensa må kommunen vurdere om det omsøkte byggverket vil sjenere trafikken på vegen,redusere trafikktryggleiken eller vanskeleggjere vegvedlikehaldet. Behovet for areal ved evt. framtidig vegutviding vil og bli vurdert.
Skal det leggjast leidningar langs, over eller i offentlige veg, må det søkjast på
særskild skjema.