Vi brukar informasjonskapslar - kva er det?

Ein informasjonkapsel er ein kode som blir sendt frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen bli sendt frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne igjen" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren sørge for at du slepp å gjere den innstillinga om igjen.

Informasjonskapslar blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som blir brukt for å betra nettsidene.

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ønsker å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje blir lagra automatisk.
Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje.

Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din blir "kjent igjen" på sida du besøker. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyd.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) trådte i kraft 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen"  (§2-7b).