Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

eDialog - sikker sending av dokument inn til kommunen

Kva er eDialog?
Med eDialog kan du senda oss brev og dokument digitalt i ein sikker kanal.
Vanleg e-post vert ikkje rekna for å vere ein sikker kanal og du skal ikkje bruka e-post om du skal senda oss sensitive opplysningar.
Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog for å senda dokument til oss på ein trygg måte.

Korleis logga inn i eDialog

  • Trykk her for å logge inn i eDialog.
  • For å bruke tenesta, må du logge på/autensiere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil sende inn

Korleis fylle ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (rød stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender, og gjerne saksnummer om du har det
  • Kommentar: Gje ev. ei utfyllande skildring av sendinga di
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må vere i PDF-format
  • Klikk på "Send forsendelse" – sendinga blir kryptert og blir sendt direkte til kommunen sitt sak/arkivsystem
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)

Korleis kan du gjere om eit dokument til PDF-format

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".


Du skal ikkje bruke eDialog dersom

  • kommunen har elektroniske skjema til formålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling med meir.
  • førespurnaden gjeld enkle spørsmål, då kan du kan sende e-post til postmottak@austevoll.kommune.no

Kommunen har eigne skjema som gjeld