Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Austevoll PO-senter

Endringar i besøksordningane på Austevoll PO senter frå 10. mai 2021

Myndigheitene si nye inndeling av befolkninga deler inn i to grupper frå torsdag 6.mai;

«beskytta» og «ubeskytta»

Vi nytter frå og med i dag same inndeling her på Austevoll PO senter. Dette medfører endringar.

Besøk PO senter

Retningsliner som gjeld både nærkontaktar og øvrige besøkande:

  • Besøkande vert registrerte for ev. smittesporing
  • Registrerte besøk vært makulert to veker etter besøk
  • Besøkande vaskar hender eller brukar Antibac før besøk
  • Dei besøknande skal ikkje kome om dei er sjuke, har luftvegsplagar, er i karantene eller er i isolasjon.


Søknad om dispensasjon eller liknande kan sendast på e-post til iren.storebo.melingen@austevoll.kommune.no og kjersti.soderberg@austevoll.kommune.no.