Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Legetenesta

Koronatest?

Viss du oppheld deg i Austevoll kommune kan du bli testa for korona.

Slik gjer du det:

Du må ringe på førehand for avtale.

Ring oss på «koronatelefonen»: 55 08 10 50

Om du ringer mellom klokka 08:30 og 11:30 får du test same dag.

Kven skal teste seg?

  • alle som har symptomar som kan vere covid-19 sjukdom, t.d feber, hoste, nyoppstått tungpust, hovudpine med influensakjensle, nedsett luktesans og smakssans, magesmerter med diaré utan annan kjend årsak.
  • dei som har fått beskjed om å teste seg grunna nærkontakt med covid-smitta.
     
  • personar som har fått beskjed frå sjukehus/sjukeheim om å ta ein test før innlegging/time.
  • helsepersonell som har vore på reise i utlandet, før dei byrjar i jobb.
  • andre som ynskjer å ta ein koronatest fordi dei har vore i ein risikosituasjon, til dømes vore på reise i utlandet.

 

Er du usikker på om du bør ta ein test? Ring koronatelefonen!

Korleis foregår testing?

  • Når du ringer vert du registrert på legesenteret, helsesekretær spør litt om symptomar og bakgrunn for testing, og gjer deg ein time til testing.
  • Vi ynskjer at du kjem til testing i eigen bil, ikkje nytte kollektivtransport. Oppmøte er på parkeringsplassen ved Austevoll legevakt.
     
  • Vent i bilen til det er din tur til å ta test.

Testen blir tatt med ein vattpinne i nesen og/eller halsen. Det er litt ubehageleg, men ikkje smertefullt.

Testing er gratis.

Det tar 1-2 dagar å få svar.

Viss testen er negativ får du svar via Helsenorge.

Viss testen er positiv vert du ringt opp av smittevernlege.