Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Vaksinasjon

Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon i Austevoll pr. 28. september

Kom på DROP-IN torsdag 30. september mellom kl 14:30 – 17:45 i Austevollbadet.
Det er flott om alle som fekk første dose 2. september eller tidlegare, bestiller time for andre dose eller kjem på drop-in førstkommande torsdag. Uvaksinerte kan og komma på drop-in denne dagen. 
Dei som er fødde i 2004 eller 2005 skal ha minst 8 veker mellom dosane og skal ikkje bestille time sjølv - meir info kjem seinare.
Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar kan bestille time for 3. dose.

Tilbod om 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Regjeringa har beslutta å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Dei dette gjeld skal vurderast av spesialisthelsetenesta, men då dette kan ta noko tid, bes pasientar som høyrer til denne gruppa om å bestille time snarast. For meir informasjon om kven dette gjeld, sjå spørsmål og svar: "Kven skal få 3. dose vaksine?" under her.

Pfizer og Moderna:
Fleire nordmenn får tilbod om vaksine frå legemiddelprodusenten Moderna når dei skal ta 2. dose, sjølv om dei fekk vaksine frå BioNTech/Pfizer som første dose. Det å kombinere vaksinar gir like god beskyttelse og medfører ingen større risiko for alvorlege biverknader, enn det å få vaksine frå same produsent. 

Koronasertifikatet viser berre den siste vaksinedosen som er satt. Det gir ikkje opplysningar om at du har fått to ulike vaksinar.

Kontaktinformasjon:
Lurar du på noko om koronavaksine og koronasertifikat skal du ikkje ringe fastlegekontoret. Mange telefonar blokkerer telefonlinjer for dei som treng helsehjelp. God og oppdatert informasjon finn du på helsenorge.no eller FHI. Finn du ikkje svar på spørsmåla dine der, finst det ein chat-funksjon på helsenorge sine sider. Ring 48 48 07 30 mellom kl 9-14 på kvardagar viss du framleis ikkje finn svar på spørsmåla dine.

Vaksinasjon av 12 til 15 åringar 
Det blei arrangert fellesvaksinering av elevar på ungdomsskulen fredag 10. september. Foreldra er informert og må gje samtykke. Dei som ikkje er tilgjengeleg for vaksinering på skulen, kan melde seg på for vaksinering i Austevollbadet torsdager - sjå link nedanfor her vedrørande samtykke.

Det vil bli vaksinering av elevar som har fylt tolv år i veke 39. Vaksineringen blir utført i Austevollbadet, 2. etg. i regi av Helsestasjonen. Begge foreldra må gje samtykke og minst ein foreldre/myndig person over 18 år må følgje 12 åringen. Samtykkeskjema må takas med uansett med mindre dette allereie er levert signert tilbake til skulen. Link til skjema: https://www.fhi.no/contentassets/1ae7bf6f4b0e4280ab87ae4bedbcb6fd/vedlegg/samtykkeskjemaer/bokmal_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-ungdom-under-16-ar.pdf

12 til 15 åringar skal kun ha ein dose, fortrinnsvis Pfizer.
Timebestilling på helsenorge.no evt. ring 48 48 07 30 om ønskeleg.

Vaksinasjon av 16 og 17 åringar
Austevoll kommune er godt i gang med vaksinering av 16 og 17 åringar. 
Dose 2 skal setjas med eit intervall på 8-12 veker. Dei dette gjeld, vil bli informert.

Etter råd frå FHI har regjeringa no beslutta at alle fødde i årskulla 2004 og 2005 skal få tilbod om vaksinasjon på lik linje med den øvrige befolkninga fødde i 2003 eller tidlegare. Anbefalinga er basert på ein grundig gjennomgang av tilgjengeleg kunnskap og kan lesast her. FHI har to spesifikke anbefalingar for aldersgruppa 16-17 år: 

  • Som eit føre-var-prinsipp er det anbefalt at 16-17-åringane fortrinnsvis, og der det er praktisk mogleg, tilbys Pfizer/Comirnaty, fordi det så langt er mest erfaring med bruk av den vaksinen i denne aldersgruppa.
  • 16-17 åringane blir anbefalt eit intervall mellom første og andre dose på 8-12 veker. Årsaka til det er at unge har svært god immunrespons på vaksinen, og vil vere beskytta mot alvorleg sjukdom etter første dose. Nye studier har vist at eit langt intervall kan gje ein betre vaksinerespons, og i tillegg vil det gje tid til å innhente mer kunnskap om risiko for myokarditt etter andre vaksinedose.

Elevar frå andre kommunar, som studerer i Austevoll inneverande skuleår, får tilbod om dose 2 vaksine ved den vidaregåande skulen i Austevoll. 

Tidsintervall
Beskyttelsen mot alvorleg sjukdom med Delta-varianten er god etter både første og andre dose, men to dosar er nødvendig for å sikre god beskyttelse mot smitte og mildere sjukdom.. Vaksinene har god effekt med eit intervall på 3-4 veker mellom første og andre dose. Samtidig viser studier at nivåa av beskyttande antistoff og forsvarsceller er noko høgere ved intervall på 6 veker eller meir, som kan tyde på at beskyttelsen vil vere noko betre med lengre intervall.

Minimum intervall mellom vaksinering av to Pfizerdoser er 3 veker. 
Minimum intervall mellom vaksinering av Pfizer og Moderna vaksine er 4 veker. Austevoll kommune mottar framover i hovedsak Moderna/Spikevax vaksinen og frå og med 26. august blir derfor tidsintervallet satt til minimum 4 veker. MRNA vaksinene byggjer på same teknologi.

Vaksinering i Austevollbadet torsdagar
Vaksineringen føregår i Frivilligsentralen, andre etasje i Austevollbadet. Det blir skilta.
NB: Ta med ID og munnbind ved oppmøte.
 

Det er nå stadig færre som mottar første dose, og vaksineringstilbudet nedskaleres. Det er viktig at eventuelle etternølare snarest avtal første dose. Vi oppfordrar og om å booke time for andre dose med minimum 4 vekers intervall. Bestill på helsenorge.no eller ta kontakt på 48 48 07 30 mellom 09:00 og 14:00. Det er og mogleg å komme på drop-in torsdag 30. september.

Siste oppsatte dato for massevaksinering av Covid-19 er torsdag 7. oktober.
 
Grafen viser vaksinar satt i Austevoll kommune. Per 19.9 er det på tvers av kommunane 78,2 prosent (3 854 personar) med folkeregistert adresse i Austevoll over 18 år som er ferdig vaksinert. 89,6 prosent (3 121 personar) har fått minst ein dose. (Kjelde: FHI/Nasjonalt vaksinasjonsregister)

Informasjon om mottak av dosar
Austevoll kommune har framleis rikeleg med Moderna-vaksiner og det vil ikkje bli bestilt nye forsyningar før desse er satt. Minimumsintervallet mellom dosane er 4 veker, og andre dose bør setjast innan det er gått 12 veker for optimal beskyttelse.

Om vaksineprogrammet:
Vaksinering skjer etter prioriteringar satt av FHI. Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Vaksinen er gratis og kvar person treng 2 dosar. Dei som har gjennomgått koronainfeksjon er å betrakta som fullvaksinert etter ein dose.
 

Informasjon om elektronisk timebestilling for vaksine:
Kommunen sender ut brev via Digipost/eBoks/Altinn med tilbod om å bestille time sjølv for vaksinering på helsenorge. Vi oppmodar deg til å opna dette elektronisk så snart som mogleg. 

  • Får du elektronisk brev via Altinn: Dersom du ikkje opnar brevet blir det sendt ut som brev per post. Grunna sein postgang vil dette ta tid.
     
  • Får du elektronisk brev via Digipost/Eboks: Dersom du ikkje opnar brevet blir det ikkje sendt ut som brev per post.
     
  • Dersom du har reservert deg for å bruka elektronisk post: Du får tilsendt brev per post. Grunna sein postgang vil dette ta tid.

For å bestille time for vaksine må du ha adresse og fastlege i Austevoll, ha norsk mobilnummer og elektronisk ID (BankID eller MinID). Brevet gir ein utfyllande beskrivelse.