I Norge er det iverksatt tiltak frå nasjonale styresmakter, og det blir stadig gjort nye vurderingar. Her finn du informasjon frå sentrale aktørar:
Ved mistanke om koronasmitte
Austevoll kommune har oppretta ei eiga telefonlinje for personar som mistenker at dei er smitta av korona og har spørsmål om dette.
Telefonen er bemanna måndag til fredag mellom kl. 09.00 og 15.30 og er oppretta for å avlaste den vanlege telefonen til legekontoret og legevakta.
Les meir her
Kvar tar eg kontakt viss eg har spørsmål til kommunen?
Me veit at det er mange som har spørsmål både til koronasituasjonen, annan sjukdom, og om ordinære saker og ting. Me ber om forståing for at det ikkje alt me kan svare på på ståande fot, men me ønskjer å gjere vårt aller beste.
Har du spørsmål om vanlege saker og søknader så kan du først vende deg til servicekontoret:
Servicekontoret handterer førespurnader og sender dei vidare til rett avdeling eller person i kommunen.
Har du spørsmål om sjukdom, som ikkje er korona, så tar du kontakt med legekontoret på vanleg måte:
Har du spørsmål om koronasjukdom, kan du ringe koronalinja vår:
Ved skade eller akutt sjukdom ringer du legevaktsentralen:
Er det fare for liv og helse så ringer du nødtelefonen:
Kven er kriseleiinga i kommunen?
Austevoll kommune har ein overordna beredskapsplan, og eigne planar for forskjellige typar alvorlege hendingar og situasjonar. I samband med korona-pandemien følgjer me ein eigen pandemi-plan. Det er også eigne planar for kvar avdeling som no blir følgde i kommuneorganisasjonen.
Kriseleiinga består av ordførar og rådmann, i tillegg til kommunalsjefar og tilsette med oppgåver innanfor beredskap og kommunikasjon. Har du spørsmål til kriseleiinga, kan du ta kontakt med:
Ordførar Morten Storebø:
Rådmann Bjarte Madsen: