Austevoll kommune

Austevoll PO-senter

Smitteverntiltak ved besøk på Austevoll PO-senter

Austevoll PO-senter si målsetjing er å ikkje få Covid-19 smitte inn på institusjonen. Pleie og omsorgsenteret har i dag smittetiltak på gult nivå.

Informasjon om tiltak ved gult smittenivå
 

Generelle reglar for besøkande

  • vere symptomfri
  • vaske/desinfisere hender
  • halde 1 meter avstand til bebuarar og personale
  • kan ikkje klemme eller handhelse/vere i nærkontakt
  • kan ikkje besøke dersom du er i karantene eller isolasjonssituasjon (ventar på Covid 19- testsvar, har påvist Covid 19, har vore i utlandet siste 10 dagar, har vore i nærkontakt med person med Covid 19 dei siste 10 dagar)


Spesielle reglar ved besøk

  • Kvar bebuar kan maks ha besøk to gongar i veka.
  • Gjer avtale om besøk med avdelinga -før du kjem på besøk
  • Alle besøkande må fylle ut eigenerklæringsskjema for kvart besøk
  • Det er berre tillate med to besøkande om gongen på tilvist område
  • Vi oppfordrar til å bruke hagen som besøksområde – som tidlegare
  • I tillegg etablerer vi Krambua som nytt besøksområde. For å kome til Krambua går du direkte via hovudinngang og vidare til Krambua. Gå ikkje omvegar og gjennom fellesareal
  • Kan du eller bebuaren av helsemessige årsaker ikkje gå i hagen? Då kan besøkande få kome inn på bebuarrom direkte, via vindu eller terrassedør på romma

Andre forhold

  • Besøkande kan gi gåver og mat til den dei besøker 
  • Hovudinngang og andre inngangsparti er låste. Ta kontakt med avdelinga på telefon
  • Dersom bebuar treng hjelp til noko under besøket, er det viktig at du trykker på alarm for assistanse – besøkande kan ikkje assistere bebuar eller gå i fellesområda for å hente hjelp
  • Besøkande kan ikkje trille rullestolar i hagane eller utanfor PO-området
  • Det er ikkje mogleg å ta med seg bebuarar på biltur eller heim
  • Besøkande kan berre besøke bebuarar som du er pårørande til