Nytt smittevernråd er:
Skal du til/frå Bergen og nokre av nabokommunane kring Bergen, rår vi til at du brukar munnbind på kollektivreiser om du ikkje klarer å halde avstand på 1 meter.
Tiltaket i gjeld frå 29.oktober til 26. november 2020.
Våre nasjonale smitteverntiltak er:
• Ikkje meir enn 5 gjestar heime, i tillegg til dei du bur med.
• Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitteplass.
• For arrangement med faste sitteplassar gjeld framleis grensa på 200 personar.
• Serveringsstader har system for registrering av gjester.
• Besøksrutinane ved sjukeheimane er uendra.
Vi minner om at Bergen og nabokommunar til Bergen har innført bruk av munnbind på kollektivtransport, offentlege plassar, kjøpesenter, restaurantar og skjenkestader mv. der du ikkje kan halde 1 meter avstand.
Les meir om lokale smitteverntiltak i Bergen.