Austevoll kommune

Nyheitssaker om korona

Oppdatering om koronasituasjonen 24. oktober

To personar er stadfesta smitta.

Kommunen mottok i går kveld melding om at to personar er stadfesta smitta av covid-19. 

Begge personane var allereie i karantene på grunn av nærkontakt med ein smitta i ein annan kommune.

Personar som har vore i nærkontakt med dei to personane har blitt testa i dag, laurdag.

Sju personar er setne i karantene.