Oppdatering om koronasituasjonen 3. november
I helga blei det melde om at to personar er stadfesta smitta av covid-19. Dei har ingen eller lette symptom.
Publisert03.11.2020 14.03
Sist endra06.11.2020 12.06
Begge personane er i heimeisolasjon og tilfella blir sett i samanheng med kvarandre.
Tre personar er i karantene som følgje av nærkontakt med dei smitta.
I går blei det også melde inn éin covid-19-smitta arbeidstakar. Personen kom frå utlandet og er sett i isolasjon. Vedkomande har lette symptom og blir følgd opp av arbeidsgjevar og helsevesenet.
Ingen i kommunen er sett i karantene som følgje av dette smittetilfellet.