Austevoll kommune

Lokalt smittenivå i Austevoll – nivå 1

Austevoll kommune gjer ei risikovurdering av smittesituasjonen i kommunen kvar veke. Risikonivå følgjer 5 ulike nivå. Nivå 1 er lågt smittenivå og nivå 5 indikerer høgt smittenivå. Les meir om dette på nettsida til Folkehelseinstituttet.

 

Vaksinasjon

Registrer deg i vaksinekø

Alle over 18 år kan registrere seg i kø for vaksinering for lettare å administrera innkalling. Vaksinasjon blir utført i samsvar med nasjonale retningsliner for prioritering. Du har god tid då det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Her kan du registrere deg for koronavaksine

Trykk på knappen over og logg inn med din BankID med kodebrikke eller BankID på mobil.
Vel om du ønskjer å registrere deg sjølv eller på vegner av andre (t.d. du kan få hjelp av familie /vener om du ikkje klarer å registrere deg sjølv). Den som hjelper deg logger då inn med sin eigen BankID og vel "Registrer på vegner av..:" i første trinn på registreringa.

Svar på enkle spørsmål om alder, yrke og helse.
Du får stadfesting på tekstmelding om at du er registrert.

Austevoll kommune får framleis svært få dosar med koronavaksine. Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast. Vi inviterer innbyggjarar i tur og orden. Etter kvart som vaksinane kjem inn, vil du får ei tekstmelding med lenke til timebestilling. 
Det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Dersom du ikkje ynskjer å bli vaksinert ber vi også om at du registrerer deg, og kryssar av for at du ikkje vil bli vaksinert. 
Dersom du allereie har fått vaksina skal du ikkje registrere deg. 

Har du ikkje BankID med kodebrikke eller BankID på mobil eller du har ikkje familie/vener som kan hjelpe deg?

Ring telefon 48 48 07 30 for registrering.