Austevoll kommune

Ledige stillingar

Austevoll kommune har mange interessante arbeidsplassar og du er velkomen som søkar!

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune i Midthordland. Austevoll er landets største fiskerikommune, har svært høg næringsaktivitet, verdiskaping og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar. Nærleiken til Bergen gjer at rundt 700 bergensarar og andre naboar dagleg jobbpendlar til Austevoll. Vi har eit rikt kulturliv og kommunen har i dag omlag 240 fast tilsette som opptekne av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Austevoll kommune byggjer på verdiane truverd, respekt, openheit, mot og profesjonalitet.

Du må notera deg saksnummer på stillinga du er interessert i. Dette treng du etter at du har logga inn og skal skrive søknaden din. Vi oppfordrar alle søkarar til å søka via kommunen sitt digitale søknadssenter.

Dersom du ikkje har brukt kommunen sine elektroniske skjema tidlegare, må du oppretta brukar.

Du som har oppretta brukar tidlegare loggar inn.

Servicekontoret på kommunehuset kan rettleia deg om du treng hjelp, ta kontakt på telefon 55 08 10 00.

Austevoll kommune treng støttekontaktar/fritidskontaktar til barn, ungdom og vaksne.

Kontaktinfo

Servicekontor
E-post
Telefon 55 08 10 00

Opningstider

Telefon er open:

08.00-14.30

Besøkstid:

Frå 15. september til 30. april:
08.00-16.00 Måndag til torsdag
08.00-15.30 Fredagar

Sommartid, frå 1. mai til 14. september:
08.00-15.00 Måndag til fredag

Adresse

Besøksadresse:

Austevoll kommune,
Storebøportalen,
Birkelandsvegen 2,
5392 Storebø

Postadresse:

Austevoll kommune,
Birkelandsvegen 2,
5392 Storebø

Fann du det du leita etter?