Austevoll kommune

Ledige stillingar

Er du vår nye psykolog som vil arbeida førebyggjande og helsefremjande med barn og unge i Austevoll?

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, barnehagemynde for private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad
 

Helsestasjon og skulehelsetenesta har 8 medarbeidarar og har som mål å drive førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge og deira familiar. Trygge og friske barn og unge er visjonen vår. Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivsel, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen. Austevoll kommune inngår i eit tverrfagleg samarbeid med BUP Fana, Fusa og Austevoll, med faste samarbeidsmøte.

Psykologen vil vere organisert under Helsestasjon og skulehelsetenesta og rapportere til leiar av denne. Austevoll kommune har også ei psykologstilling knytt til eininga Psykiske helsetenester for vaksne

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Driva førebyggjande og helsefremjande lågterskeltilbod for born og unge
  • Rettleiing av born og unge og deira føresette
  • Tverrfagleg samarbeid med helsesjukepleiar, skulelege, PPT og barnevern og  eksterne
  • Rettleiing av andre faggrupper som helsesjukepleiarar, lærarar og barnehagetilsette

Kvalifikasjonar

  • Autorisert psykolog/psykologspesialist (minimum profesjonsstudium)
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Klinisk erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskeleg
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest
Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, fleksibel og har evner til å jobbe i team.

Vidare må du
  • ha eit stort engasjement for å hjelpe barn og unge som slit psykisk
  • gode evner til samarbeid
  • ha stor arbeidskapasitet
  • evne til organisering og sjølvstende
Etter ei prøvetid på 6 månader kan det verte aktuelt å lage ein kompetanseplan med mål om ei spesialisering og ein fagutvikling retta inn mot arbeidsfeltet.
 

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  bredt fagmiljø som arbeider saman for felles mål
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga er ledig frå 1. mars 2019.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
 
Søknadsfrist 30.01.2019
 
Stillingsnummer er 19/9
 
Kontaktperson for stillinga:
Leiande helsesøster Hege Iren Austevoll telefon 922 01 990
 
 

Adresse

Storebøportalen

Fant du det du leita etter?