Austevoll kommune

Ledige stillingar

Støttekontakt / fritidskontakt

Austevoll kommune treng støttekontaktar/fritidskontaktar til barn, ungdom og vaksne.

Støttekontakt/fritidskontaktoppdrag er vanlegvis 2-5 timar pr. veke. Du kan søka om eitt eller fleire oppdrag.  Dei som treng støttekontakt / fritidskontakt er barn, ungdom, vaksne og eldre med særskie behov.

Helseservicekontoret søker personar som har tid og kapasitet til å hjelpa noko n til å få ein betre kvardag.Vi krev inga formell utdanning, men at du trivst med å vera i lag med andre menneske, og har lyst til å engasjera deg for nokon som treng tilrettelegging i kvardagen.

Døme på aktivitetar: Turar, sosial og fysisk trening, ulike arrangement, fritidsaktivitetar, osv.  I nokre høve kan det vera naudsynt med to støttekontaktar som jobbar saman.

Vi legg vekt på og jobbar for å finna gode ordningar med personar som trivst godt saman,for å få ordningar som fungerer over tid.

Støttekontaktar kan få rettleiing undervegs, og løn vert gitt etter gjeldande satsar  og retningsliner.

Det vert også utbetalt feriepengar. Søkjarar må vera fylt 18 år, og helst ha sertifikat.  

Du må senda inn ein elektronisk søknad for å søka

 

Kontakt helseservicekontoret for ein uforpliktande samtale.

Eventuelt kan du senda ein e-post til : postmottak@austevoll.kommune.no

Fant du det du leita etter?