Austevoll kommune

Ledige stillingar

Vi treng ny barnevernkonsulent (60 prosent stilling) i Austevoll kommune! Er det deg?

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, barnehagemynde for private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad
 

Barneverntenesta har 4 tilsette og arbeidar med barn, unge og familiar i ein vanskeleg eller utfordrande livssituasjon. Vi er opptatt av god kompetanse, brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Eininga har eit godt arbeidsmiljø og tenesta er i utvikling for å møta nye utfordringar og oppgåver i tråd med den nye barnevernsreforma, både når det gjeld tidleg innsats, dokumentasjonskrav og tiltaksarbeid.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter lov om barneverntenester
  • Oppfølging av barn og unge og deira familiar
  • Førebyggjande arbeid med barn og unge
  • Barnevernundersøkingar
  • Fosterheimsarbeid
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar
  • Delta i tverrfaglege samarbeidsfora
  • Vera barnevernstenesta sin partsrepresentant i ulike rettsinstansa
  • Identifisera behov og tilby rett tiltak
     

Kvalifikasjonar

  • 3-årig barnevernspedagog- eller sosionomutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Relevant erfaring er med menneske i vanskelege livssituasjonar er ønskeleg
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med barnevernspedagog- eller sosionomutdanning kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med relevant 3-årig høgskule/universitetsutdanning og erfaring innan arbeidsfeltet. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
 

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er målretta, sjølvstendig  og evner å vere reflektert  i møte med born, pårørande og samarbeidspartnarar.

Vidare må du ha

  •  evne til å lytte og gje konstruktiv rettleiing
  • gode evner til samarbeid
  • respekt for andre og høg integritet
  • stor arbeidskapasitet og tåle motstand og press

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stillinga er ledig frå 1. mars 2019.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadsfrist 30.01.2019

Stillingsnummer 19/15

Kontaktperson for stillinga:
Liv Iren Birkeland tlf. 55081411

Søk på stillinga

Fant du det du leita etter?