Tingrettane er første ordinære domstol, dei handsamar sivile saker og straffesaker. I tillegg kjem saker om førebels sikring, tvangsfullbyrding og offentleg skifte av fellesbu, konkursbu og dødsbu.
Ei sivil sak startar som regel i forliksrådet. Dersom partane ikkje blir einige, skal saka vidare til tingretten. Nokre saker startar direkte i tingretten, blant anna foreldretvistar, saker mot offentlege styresmakter og visse saker om verdi av formue.
Alle straffesaker startar i tingretten.
I straffesaker er tingretten normalt samansett av éin fagdommar og to meddommarar, men i alvorlege saker kan retten setjast med to fagdommarar og tre meddommarar. I visse typar straffesaker skal retten setjast med fagkunnige meddommarar.
I sivile saker er hovudregelen at tingretten består av éin dommar, men i visse tilfelle kan retten også setjast med to eller fire meddommarar. I visse typar sivile saker skal meddommarane i tingretten hentast frå meddommarutval som omfattar personar med særleg sakkunnige.
Meir informasjon om oppgåvene til meddommarane i tingretten.
Video om kva det det vil seie å vere meddommar.