1 million kronar til kultur og idrett i Austevoll

SAM_0565.JPG - Klikk for stort bilete   Felles søknadsskjema for tilskotsordningane.


Frivilligheita i Austevoll kommune, lag og organisasjonar kan no søkje kommunale tilskot til kultur- og idrettsføremål. Over 1 million kronar er tilgjengeleg.
 

Nytt av året er at Austevoll kommune har samla dei ulike tilskota i ei stor utlysing. Dette for å gjere det heile enklare og meir oversikteleg for både søkjarar, og lokalpolitikarar som skal tildele midlar. I tillegg vert det administrative arbeidet kring kommunale tilskot for kultur og idrett enklare.
 

Søknadsfrist for dei fleste tilskotsordningane er 2. mai 2017, forutan Bygdahuspotten som har frist 1. mai.
 

Oversikt over dei ulike ordningane følgjer under:

- Idrettsmidlar – 350.000 kr

- Kulturmidlar – 200.000 kr

- Bygdahuspotten – 200.000 kr

- Konsert- og arrangementstilskot – 150.000 kr

- Kulturmidlar øyremerkt måla i kulturminneplanen – 100.000 kr

- Den kulturelle spaserstokken øyremerkt kulturtiltak retta mot eldre – 60.000 kr


 

Rettleiar til kvart program, inkl. lenkjer til elektronisk søknadsskjema finn du her:


https://www.austevoll.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/tilskottsordningar/

 

Søknadane vert handsama politisk i formannskapet i Austevoll kommune 1. juni 2017.

Publisert av John Tveit. Sist endra 05.04.2017
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS