Bjarte Madsen tilsett som rådmann

Bjarte tilsett 2018.jpg - Klikk for stort bilete Austevoll kommunestyre har tilsett Bjarte Madsen som ny rådmann.

Kommunestyre har i møte i dag tilsett Bjarte Madsen som rådmann i Austevoll. Han tiltrer i jobben 1. april.

Bjarte Madsen har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen. Dei siste tre åra har han vore partner i Advokatpartner ANS. Han har også drive eigen advokatpraksis, jobba i Finansdepartementet og Skatteetaten. Madsen er 53 år, busett i Bergen og fødd og oppvaksen i Bekkjarvik. 

Om Bjarte Madsen:
Fødd i 1965 og oppvaksen i Bekkjarvik. Bur i Bergen. Tre vaksne barn.


Utdanning:
1985-1991 Juridisk embetseksamen, Universitetet i Bergen


Yrkeserfaring:
2015-  Partner i Advokatpartner ANS
2009-2014 Advokat i Advokatpartner ANS
2007-2009 Advokat i Codex Advokat AS1
997-2007 Advokat i eigen praksis
1995-1997 Advokatfullmektig hos advokat Stein A. Johannessen1
994-1995 Konsulent i Finansdepartementet
1991-1993 Konsulent i Skatteetaten
1987-1991 Lensmannsbetent (vikariat)

 

Sist endra 28.02.2018
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS