Branntilløp på Selbjørn skule i helga

 

Publisert av Ann-Kristin Hevrøy Hagen. Sist endra 19.06.2017

Det har i helga vore brann på Selbjørn Skule. Det har brent på det gamle kjøkkenet i fyste etasje i midtbygget. Det er røyklukt og sot i denne delen av bygget. Kommuneoverlegen har vore på synfaring. Av helsemessige orsak så vert midtbygget stengd fram til skuleferien. Elevane kan nytta auditoriet viss dei nyttar annan inngang til denne.



Kommuneoverlegen har vore på synfaring også i dei andre delane av skulen, og her er ingen røyk eller sot. Desse bygga har eigne ventilasjonsanlegg. Så dei er trygge å bruke for elevar og tilsette.

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS