Digital postkasse - ny metode for utsending av brev frå kommunen

digital brev.png - Klikk for stort bilete  Brev umiddelbart og sikkert til mottakar

Austevoll kommune startar i desse dagar med utsending av post digitalt til innbyggarane.

Mange statlege verksemder og kommunar sender allereie post digitalt. Blant anna kan du få politiattest frå Politiet, tilbakemeldingar frå lege, utbetalingsmeldingar og vedtak frå NAV. For deg som innbyggar, betyr dette at du får posten din straks det blir sendt ut frå kommunen og at du kan arkivera den samla på ein stad.

Du kan lese post frå stat, kommune og private verksemder same kor du er, så lenge du har nettilgang. Ein stor fordel er at også brev unntatt offentleg innsyn kan sendast digitalt og ikkje berre per brev som før.


Film om digital postkasse

Vil du opprette digital postkasse?

Informasjonsbrosjyre om digital post (PDF, 4 MB)

Om du ikkje har digital postkasse som Digipost, E-boks eller er aktiv brukar av Altinn, vil du likevel motta brevet, men det tar nokre dagar før brevet er i postkassa di.

Uavhengig av dette har kommunen i ei tid opplevd problem med å få sendt ut brev til innbyggarar som manglar gateadresse i folkeregisteret eller som har postboksadresse.

Kommunen oppfordrar deg derfor til å sjekke kva adresse du er registrert med i folkeregisteret og også gå inn på www.posten.no og registrera at du har postboksadresse (PDF, 153 kB).

 

Vi gjer lag, organisasjonar og bedriftar merksam på at dei også må sjekke og eventuelt oppdatera opplysningane sine i Enhetsregisteret i Brønnøysund. Vegadresse manglar på mange.
 

Ved spørsmål, ta kontakt med Austevoll kommune på telefon 55081000 eller e-post postmottak@austevoll.kommune.no



 

 

Sist endra 27.04.2018 11:04
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS