Forskrift om bandtvang for hund i Austevoll kommune

Publisert av Karianna Skår. Sist endra 02.10.2017

I løpet av året mottek Austevoll kommune ein rekke henvendelsar vedkommande reglar for bandtvang av hund i kommunen.

 

I møte den 06.02.2007 (sak 0017/07) vedtok kommunestyret forskrift om bandtvang for hund, samt beitetid og gjerdehald i Austevoll kommune (PDF, 14 kB). I forskrifta om utvida bandtvang for hund vart følgjande fastsatt med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundeloven) § andre ledd bokstav e:

 

§ 1. I Austevoll kommune pliktar eigar eller brukar av hund å halda hunden i band, forsvarleg innegjerda eller innestengt heile året.

 


§ 2.Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova. Dette gjeld m.a

 

  • dressert hund brukt til gjeting
  • hund i aktiv politi-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
  • hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra vilt
  • hund brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøving.

 

§ 3. Brot på denne forskrifta er straffbart.

 

§ 4. Denne forskrifta trer i kraft straks.

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS