Høyring - Forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn av fyringsanlegg, Austevoll kommune

Illustrasjon tilkomst feiing (DSB) - Klikk for stort bilete

 

Frist for innspel er 01.01.2018


Framlegg til forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn av fyringsanlegg, Austevoll kommune, vert lagt ut på høyring etter vedtak i Austevoll kommunestyre 02.11.2017 sak 121/17.

Vedtak:

Austevoll kommunestyre har handsama sak om lokal forskrift om feiing og tilsyn og om gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg og gjer følgjande vedtak:

Framlegg til «Lokal forskrift om feiing og tilsyn og om gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Austevoll kommune» vert i samsvar med kunngjering etter forvaltningslovas §38 lagd ut på offentleg høyring med høringsfrist 01.01.2018.


Frå 1. januar 2016 vart det iverksett ny sentral forskrift om brannførebygging, (FOR 2015.17.12 nr. 1710). Som følgje av denne forskrifta vert fritidsbustader omfatta av feie- og tilsynstenester og at regelverket til brannsikkerheit vil være lik som for heilårsbustader.

Ny Lokal forskrift om feiing og tilsyn skal bidra til å minske risiko for brann, og avgrense konsekvensane brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Tidligare har hytter og fritidsbustader vore friteken for lovpålagd feiing og tilsyn.

Lokal forskrift om feiing og tilsyn skal understøtte dei nasjonale og lokale mål for brannvern arbeidet:

  • Færre omkomne i brann,
  • Unngå tap av uerstattelige kulturhistoriske verdiar
  • Unngå brannar som lammar kritiske samfunnsfunksjoner
  • Styrka beredskap og handteringsevne, samt mindre tap av materielle verdiar.

I tillegg eit målretta arbeid om god samfunnsnytte og ressursutnytting, risikobasert vurdering, og god økonomistyring og internkontroll.
Ny Lokal forskrift om feiing og tilsyn skal handsamast som forskrift i samsvar til forvaltningslova.

I den sentrale Forskrift om brannforebygging er krav til kor ofte feiartenesta skal gjennomføre tilsyn og feiing teke bort. I staden skal kommunen gjennomføre ei lokal vurdering av risiko og sårbarheit, planlegge og gjennomføre nødvendige tiltak og evaluere tiltaka. Arbeidet med å kartlegge tal på fritidsbustader er godt i gang. (om lag 1040 fritidsbustader) og alle eigarar er tilsendt SMS melding om å sende inn opplysningar om fritidsbustaden på elektronisk skjema. Informasjon om feiing og tilsyn i fritidsbustader er også lagd ut på kommunens heimeside. Tal på heilårsbustader i Austevoll er pr 31.12.2016 er om lag 1750 bustader

Feiing og tilsyn av piper og eldstader er gebyrbelagd og skal være etter sjølvkostprinsippet. For å kunne krevje inn gebyr, må kommunen ha heimel for innkrevinga. Det er kommunestyret sjølv som kan fastsetje lokal forskrift om gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg.

Framlegg til ny lokal forskrift vil ikkje medføre auka krav til byggeigar eller andre utover det som vert krevd i gjeldande lovverk. Sentral forskrift om brannforebygging fastsetjer kva tenester feiervesenet skal tilby og regulerer gebyr for tenesta. Det vil ikkje få økonomiske konsekvenser for kommunen då tenesta utførast til sjølvkost. Austevoll kommune fastsetter årleg gebyr for utførte tenester.

Formål med å innføre lokal forskrift, er å regulere gjennomføring av feiing og tilsyn med fyringsanlegg i kommunen slik at sannsynligheita for brann vert redusert så mykje som mogleg.

Kommunane er pålagd å kartlegge utsette grupper og gjennomføre tiltak som kan redusere risiko for liv og helse. DSB har som mål færre brannar og færre omkomne i brann. Difor skal det brannførebyggande arbeid særleg rettast mot risikogrupper, og mot auka brannsikkerhet i bustader.

Personar som høyrer til risikogrupper kan ha;

  • Høgare risiko for å starte ein brann
  • Ha vanskar med å høyre varsel dersom det oppstår ein brann
  • Ha vanskar med å slokke brann ved eigen hjelp
  • Ha vanskar med å evakuere ved eigen hjelp

Personar som både har høg risiko for å starte ein brann, vanskar med å høyre varsel-, å slokke- og å evakuere ved eigen hjelp, vil være ei høgrisikogruppe.


Vi vil at du sender skriftlege innspel. Merk med Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og send innspelet til:


Epost: postmottak@austevoll.kommune.no

Post : Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Har du spørsmål ringer du oss på tlf: 55081000

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret.


 

Vedtaksbrev (PDF, 111 kB)

Lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn av fyringsanlegg, Austevoll kommune (PDF, 111 kB)

 

Publisert av Hans Petter Bjånesøy. Sist endra 07.12.2017 15:27
Nyhende
Artikkel (1)

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS