Informasjon om feiing og tilsyn i fritidsbustader

Illustrasjon tilkomst feiing (DSB) - Klikk for stort bilete Fritidsbustader i Austevoll kommune vil i tida framover motta feie- og tilsynstenester 

Publisert av John Levi Weløy. Sist endra 27.10.2017

Har du fritidsbustad i Austevoll kommune? Send inn opplysningar om fritidsbustaden via elektroniskskjema.

Frå 1. januar 2016 vart det iverksett ny forskrift om brannførebygging. Dette medfører at fritidsbustader vert omfatta av feie- og tilsynsteenester og at regelverket til brannsikkerheit vil være lik som for heilårsbustader.

Eigar av fritidsbustader Austevoll kommune vert derfor beden å sende inn eigenmelding med opplysningar om fritidsbustaden. Ein bed om at elektronisk skjema her på sida vert nytta.

Personvern ved bruk av elektronisk skjema

Austevoll kommune følgjer gjeldande lover og reglar ved innsamling av personopplysningar via elektronisk skjema. Overføring av opplysningar mellom din datamaskin og kommunens maskiner går over sikre dataliner. Opplysningar kommunen bed om er avgrensa til det som er nødvendig for å handsame saka.

Du kan lese meir om personvern i Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven)

Gå til elektronisk skjema

 

Nyhende

Kontakt

Hans Petter Bjånesøy

Hans Petter Bjånesøy

Brannsjef

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS