Informasjon om kommunale tilskotsordningar

Publisert av Johanne Marie Sletten. Sist endra 16.03.2017

I byrjinga av april vil det verta utlyst tilskotsordningar frå kommunen. Følgjande tilskotsordningar vil vere tilgjengeleg:
 

- Idrettsmidlar: Idrettslag og idrettsklubbar kan søkje om støtte for aktivitetar som fremjar eit aktivt og allsidig idrettsliv. Tilskotet kan nyttast til ordinær drift eller til prosjekt.

 

- Kulturmidlar: frivillige kulturelle lag og foreningar kan søkje om støtte til kulturarbeid. Tilskotet kan nyttast til ordinær drift eller til prosjekt

 

- Kulturmidlar retta mot måla i kulturminneplanen: lag og velforeningar som gjennomfører prosjekt knytt til dokumentasjon av kulturminne innanfor sitt interesseområde eller nærområde. Lag og velforeningar som synleggjer lokale kulturminne for ålmenta si interesse gjennom til dømes formidlingsprosjekt.

 

- Midlar for den kulturelle spaserstokken: aktivitet som følgjer den kulturelle spaserstokkens mål om profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. Til dømes ulike kulturtilbud retta mot eldre, seniorturar, musikktilbod, eldretreff mm.

 

- Bygdahuspotten: for organisasjonar og lag som eig eller har vedlikehaldsansvar for bygdehus. Med bygdehus meinast bygningar eller lokalar der føremålet er samfunnsnyttig og der aktiviteten i hovudsak har frivillig og ikkje finansiell karakter.

 

- Midlar for konserter og arrangementa: for større kulturarrangementar eller enkeltarrangement, hovudsakeleg konsertar og festivalar.

 

Rettleiar til kvar tilskotsordning vil verte tilgjengeleg saman med utlysing i byrjinga av april. Søknadsfrist for tilskotsordningane vert i byrjinga av mai og elektronisk søknadsskjema skal nyttast. 

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS