Klart for kulturskulen sine adventskonsertar!

Austevoll kyrkje - Klikk for stort bilete


Som tradisjonen er, vert det og i år adventskonsertar med elevane i kulturskulen i tre av kyrkjene i kommunen.

Adventskonsertane finn stad i kyrkjene i Bekkjarvik, på Storebø og på Hundvåkøy dei to første vekene i desember.

 

I år vert det konsert i Bekkjarvik onsdag 6. desember, på Storebø torsdag 7. og på Hundvåkøy tysdag 12. desember. Alle konsertane startar kl. 18.00.

Å oppleve ein av desse konsertane er ein fin måte å kome i julestemning på, og det vert variert program på alle konsertane. Alle er hjarteleg velkomne!

 

Publisert av Audun Alvsåker. Sist endra 28.11.2017
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS