Kulturprisen 2017

Kulturprisen - Klikk for stort bilete Frist for forslag: søndag 5. november

 

Framlegg til kandidatar til årets kulturpris frå Austevoll kommune kan sendast til postmottak@austevoll.kommune.no

 

eller per brev til Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø.

 

Frist for å koma med innspel er søndag 5.november 2017.

 

 

Reglar for tildeling av kulturpris

  1. Som ein stimulans for det lokale kulturlivet kan ein kvart år dela ut ein kulturpris til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilknyting til Austevoll kommune.
     
  2. Prisen kr. 10.000,- vert gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, for særleg fortenestefulle einskildtiltak eller til planlagd utdanning til friviljug arbeid.
     
  3. Framlegga skal vera skriftlege og grunngjevne. Formannskapet gjer endeleg vedtak om kven prisen skal gå til.


Liste over mottakarar av kulturprisen tilbake til 1995:

1995              -   Karl Johan Haugland
1999              -   John Sverre Njåstad
2000              -   Velinda Hille
2001              -   Hallvard Bertin Birkeland
2002              -   Line Stenevik
2003              -   Ikkje utdelt
2004              -   Hundvåkøykoret
2005 – 2008  -   Ikkje utdelt
2009              -    Geir Veivåg
2010              -    Karl Johan Haugland
2011              -    Rasmus Kåre Storebø
2012              -    Åse Solbakken
2013              -    Håvard Brekke Haugland
2014              -    Ingunn Anne Berge Vik

2015             -    Steinar Christensen
2016             -    Eva Waage
2017             -

 

Ved gjennomgang av tidlegare møtebøker for kulturstyre har det diverre ikkje vore mogeleg å finna namn på fleire mottakarar enn det som går fram av lista ovanfor, då sak om tildeling har vore unnateke off. innsyn og mottakar av prisen er merka med NN.  Namn på mottakar vart diverre ikkje lagt inn i møteprotokollen i desse åra etter at namnet vart offentleg.

 

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 05.10.2017
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS