Kunngjering - manntalslister er lagt ut til off. ettersyn

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 11.07.2017

Stortingsvalet og sametingsvalet 2017

Står du i manntalet?

For å kunne røyste ved valet 11. september 2017, må du vera innført i manntalet.  Dette kan du kontrollera når manntalslistene no er lagt ut til ettersyn fram til valdagen.

 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteken hos folkeregisteret innan 30. juni 2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du har flytta frå.  Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta.

 

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret.  Klaga må vere skiftleg og grunngjeven. Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

 

Manntalslistene vert lagt ut på desse stadane:

Hovudmanntalet:       Kommunehuset, Servicekontoret

                                   Austevoll lensmannskontor

                                   Biblioteket i Bekkjarvik

                                  

Valstyret si adresse:  Austevoll valstyre, Kommunehuset, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø.  Tlf 55 08 10 00.

 

Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS