Kunngjering og høyring - Rusta for framtida- Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering i Austevoll kommune 2017-2025

Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering  vert lagt ut på høyring etter vedtak i Austevoll kommunestyre 02.11.2017 sak 17/629.

Nasjonale føringar gjer at kommunen no må ta ein større del av helse- og omsorgsoppgåvene tidligare utført av spesialisthelsetenesta innan habilitering og rehabilitering (St. Meld. 26 (2014-2015), og St. Meld. 47 (2008-2009)).

Opptrappingsplanen viser korleis situasjonen er i Austevoll kommune i dag, og viser eit overordna framlegg for korleis kommunen skal møta eksisterande og nye utfordringar innan dei aktuelle helsetenestane.

Forslag til Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering i Austevoll kommune er ferdig og kommunen ynskjer innspel frå deg.


Vi vil at du gjev skriftleg innspel. Merk med Opptrappingsplan hab/rehab  og send innspelet til:


Epost: postmottak@austevoll.kommune.no

Post : Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Har du spørsmål ringer du oss på tlf: 55081000

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret.

Vedtaket er sendt ut til offentlege instansar og aktuelle brukarorganisasjonar.
Det er satt 6 vekers uttalefrist frå kunngjeringsdato.

Vedtaksbrev (PDF, 19 kB)

Opptrappingsplan (PDF, 2 MB)

 

Publisert av Elisabeth Thune Kalvenes. Sist endra 22.11.2017 23:12
Nyhende
Artikkel (1)

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS