Nyhende frå rådmannen - mars 2017

 

 


Opprydding uregistrerte vrak


Det er fjerna 9 bilar plassert på offentleg parkering ved Hufthamar og eit par andre stadar. Dei har vore klassifisert som vrak og er forureinande for miljøet. Det er diverre mange vrak av ymse sort rundt om kring i kommunen – til sjenanse og forureining. Innbyggjarane oppmodast til opprydding på eigen eigedom.
 

Rydding av søppel i strandsona


I samband med ein større kystdugnad er organiseringa av rydding i Austevoll og i gong. I denne inngår skular og organisasjonar/lag. Rådmannen kan etter søknad gi opp til kr 5000 til organisasjonar og lag for dugnadsinnsats. Formannskapet har sett av ein pott på kr 50 000 til føremålet. Meir informasjon om hentestader vil bli lagt ut på heimesida og kommunen si facebookside i næraste framtid. Spørsmål kan rettast til FDV v/Olav Jarnes tlf.nr. 934 49 300.
 

Austevoll brannvesen


Anbod på ny mannskapsbil blei lagt ut på Doffin-basen i februar.

Kommunen har gått til innkjøp av ein mobiliserings-/redningsbåt (mob-båt). Den skal nyttast til å rykke ut på livreddande innsats til sjøs og ta andre oppdrag i strandsona. Båten skal nyttast i samarbeid med Austevoll Vidaregåande Skule til kursing og sertifisering av elevar og mannskap.  
 

Austevoll Fiskerihamn Salthella


Oppstart i februar for byggjing av 3 fiskerikaier - kvar på 50 meter. Ferdigstilling kai 1 og 2 vil bli i månadsskiftet november/desember 2017. Kai 3 skal vere klar i mai 2018.
 

Blått kompetansesenter


Prosjektet fekk i februar 2017 innvilga prosjektstøtte frå Hordaland fylkeskommune på kr. 550 000, fordelt på 2017 og 2018. I samarbeid med lokalt næringsliv, Havforskingsinstituittet og Austevoll kommune utgjer dette prosjektrammar på ca. 1 200 000 kr fram til utgangen av 2018.
 

Austevoll svømmehall


I løpet av 2017 vert det utlysing av namnekonkurranse for hallen. I januar starta utskyting av tomta. Steinmassane nyttast til ny veg i Gråsidalen. Prosjektet er i rute til ferdigstilling i april 2018.

Austevoll helsehus


Innflytting skjedde i månadsskiftet februar/mars for legetenesta, helsestasjon/helsesøster, jordmortenesta, PPT (pedagogisk psykologisk teneste), psykisk helse, barnevern, ergo- og fysioterapitenesta. Nav flyttar inn i løpet av mars.  
 

Overordna beredskapsplan


Opplæring første kvartal 2017 med informasjonsmøte for alle tilsette, gjennomgong rollar/ansvar for alle leiarar og kurs for leiargruppa.
 

Flyktningar


Hittil har Austevoll busett 18 flyktningar i 2016/2017. Plan for introduksjonstilbodet og overordna plan for mottak og integrering av flykningar er snarleg på plass.
Aktivitetskort for flyktningar og familiar som mottek sosiale ytingar: Sak klar for politisk handsaming våren 2017.
Stønad til sertifikat: Politisk handsaming februar 2017 med positivt vedtak. Saka får endeleg avgjerd i kommunestyremøtet 16. mars. 

 

Forprosjekt utviding av ungdomsskulen


Ei arbeidsgruppe med representantar frå skulen og administrasjonen vurderer noverande areal og behovet for utbygging.
 

Sentrumsplan Storebø


Utkastet til plan er ferdig og skal presenterast for politikarar og innbyggjarar før politisk behandling i planutvalet i april. Etter dette blir det frist på 8 veker til innspel. Innspela blir vurdert og evt lagt inn i planen før vedtak i kommunestyret september/oktober 2017.
 

Kommuneplanen


Oppstart revidering av kommuneplanen. Skisse og rammer for arbeidet  (planprogram) er under arbeid, men må forskyvast litt i påvente av ferdigsstillinga av sentrumsplanen.
 

Økonomi


Årsoppgjør 2016 var ferdig 15. februar og er sendt til revidering.
 

Omsorgsbustadar på Eidsbøen


Austevoll Bygg har fått kontrakten på å bygge to omsorgsbustadar med personalbase/fellesrom. Ferdigstilling i starten av desember 2017.
 

Prosjekt rusomsorg


Frå 15 mars tiltrer ein person i 50% prosjektstilling. Konsulenten skal kartlegge rusomsorga i samarbeid med ruskoordinator. Kartlegginga gjeld omfang av gruppe, ulike nivå grupper, behov for tilbod, bustadforhold, rutinar, arbeidssituasjon, samarbeidspartnarar m.m. Målet er å videreutvikle det kommunale tilbodet til denne brukargruppa.
 

Helseverngodkjenning Møkster skule


Prosjektering og planlegging er i gong og arbeidet skal utførast i vår. Fristen er i september.
 


Ventilasjonsanlegg i gymsalen på Selbjørn skule


Arbeid pågår for å få ventilasjonsanlegg lagt ut på Doffinbasen for anbodskonkurranse. 
 


Biblioteket utvidar


Arealet for biblioteket i Bekkjarvik blir utvida med ca 150 kvadrat og fylkeskommunen dekkar arkitekt for utforming og tilrettelegging for eit meir moderne og tidsriktig bibliotek i løpet av 2017.  
 

Trolandshamar skule


Sak blir lagt fram for tenesteutvalet 30.5., formannskapet 1.26. og kommunestyret 15.6. Rådmannen skal greie ut kostnadar for å rive delar av bygningsmassen og gjere enkel opparbeiding av området i etterkant. Det er avholdt møte med ulike lag og organisasjonar for innspel.
 

Kulturminneplanen


Kr 100 000 av kommunale kulturtilskot til frivilligheita i Austevoll skal rettast mot måla i kulturminneplanen. I tillegg er kr 100 000 frå budsjett for 2017 øyremerkt tiltak retta mot måla i kulturminneplanen.
 

Kommunale tilskot til kultur og idrett


Oversikt på dei ulike kommunale tilskotsordningane for kultur og idrett vert lansert på Austevoll kommune sin nettside i løpet av mars 2017. Utlysningar og rettleiare for dei ulike ordningane vert publisert i byrjinga av april, medan søknadsfrist for dei fleste tilskotsordningane vert i byrjinga av mai 2017. Dette for å betre oversikta for søkjarane, for å effektivisere handsaminga og for eit meir heilskapeleg beslutningsgrunnlag for politikarane.
 

Strategisk plan for eldreomsorga


Det har vore oppstart i arbeidsgruppa «strategisk plan for eldreomsorga» i Austevoll kommune. I samband med prosjektet skal det gjerast forsøk på å rekrutterer ein studentpraktikant som ekstraressurs. Det er gjort henvendingar til Universitetet i Bergen og relevante høgskular. Ein slik ressurs vil verta samarbeidspartnar til planansvarleg i kommunen, og drive prosjektet.
 

Velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering


6.-9. juni skal ei gruppe frå Austevoll kommune, ein representant frå Austevoll vidaregåandeskule og representantar frå Aleris omsorg Austevoll reise på ekskursjon til Sverige. I Sverige skal gruppa besøkje to institusjonar samt besøkje Caretech -  ein bedrift som utviklar velferdsteknologi. Målet med eksursjonen er å få eit felles grunnlag og forståing for velferdsteknologi. Kommunen ønskjer å byggje opp eit prosjekt kring velferdsteknologi og gjere det til ein del av tenestetilbodet i kommunen. Det er søkt om EU-midlar til dette frå SIU (Senter for internasjonalisering av utdanning).

 

Publisert av Wenche Gloppen. Sist endra 21.03.2017
Nyhende

Austevoll kommune

 
 
 
 
 
 
 


Viktige telefonnummer:
Servicekontor: 55 08 10 00
Legekontor: 55 08 10 50
Legevakt: 116 117
Heimetenesta: 55 08 15 81
Jordmor: 90 25 81 69
BRANN: 110
AMBULANSE: 113
POLITI: 112

Austevoll på Facebook:

Levert av ACOS AS